NTB ad Ee QE7 Fozs
ELFLY: Eit nisetes elfly kan vere på vengjene i 2028/2029. Foto: Widerøe Zero
Nytt

Snart kan du flyge elektrisk med Widerøe

Trur på elfly i god tid før 2030.

NPK
10.04.2023

(NPK- Kjell Åsmund Sunde): Næringslivet førebur seg på eit stadig meir elektrifisert samfunn. Om nokre år legg ein opp til at også fly skal vere elektriske, og distrikta kan vere dei første som får prøve den nye flyteknologien.

– Widerøe Zero blei oppretta som ei vidareføring av eit innovasjonsprosjekt i Widerøe-konsernet. Utfordringane i luftfartsbransjen er klare – utsleppa må ned. I prosjektet såg ein på potensial for å byggje elmotorar til fly og det blei utvikla konkrete idear. Til dømes kom ein opp med tanken om eit ni-setes el-fly allereie i det prosjektet, fortel Bjørn Klimek i Widerøe Zero til Nynorsk pressekontor.

Han er ein av tre tilsette i Widerøe Zero AS, som er eit eige selskap i Widerøe-konsernet.

– Vi er ikkje eit flyselskap. Vi utviklar kunnskap, seier Klimek.

Helikopterfly
Klimek fortel at eit nisetes elfly kan vere på vengjene i 2028/2029. Ein annan type el-fly kan vere klar endå tidlegare.

– Flyet er blitt kalla eVTOL. Det er eigentleg eit firesetes helikopterfly med mindre rekkevidde enn eit vanleg fly. Fordelen er at det lettar og landar som eit helikopter og flyr som eit fly. Det ser ut til at den modellen kan komme i 2027. Men det betyr likevel ikkje at dette uansett blir noko vi fasar inn og at det blir ein realitet i Noreg, fortel Klimek.

Han peikar på at kort rekkevidde på el-fly ikkje nødvendigvis er eit hinder for eit selskap som Widerøe.

– Widerøe flyr der andre flyselskap ikkje flyr. Vi flyr på kortbanenettet i Noreg. Elflya som ulike produsentar har i støypegryta no har mindre rekkevidde enn fossildrivne fly som er i lufta i dag, men ein ide er at ein kan ha færre passasjerar og hyppigare avgangar, seier Klimek

– Tenker vi ordentleg moderne mobilitet så bestiller du kanskje eit helikopterfly med ein app når du har behov for det. Det kjem til ein stad og fraktar deg til ein annan stad, legg han til.

Lyse
WIDERØE: Eit nisetes elfly kan vere på vengjene i 2028/2029. Foto: Widerøe Zero

Usikkerheit
Trass i at det ligg fleire konkrete prosjekt på bordet er det framleis mykje uvisse knytt til utsleppsfri luftfart i framtida. Klimek peikar på at det også er ein av dei store utfordringane for eit selskap som Widerøe Zero.

– Vi styrer ikkje prosessane. Vi har gode samarbeid med store produsentar rundt om i verda, men dei produserer ikkje flya sine med utgangspunkt i Noreg. Kortbanenettet som vi betener er omkransa av fjell og fjordar og vi har også ei utfordring med mykje vinter i Noreg. Difor er vi opptekne av å få tilpassa teknologien til norske forhold, noko vi òg opplever at produsentane gjer. Per no er det likevel for tidleg å seie heilt sikkert kva vi endar opp med om nokre år, seier Bjørn Klimek.

Ein ting er han likevel krystallklar på:

– Det skal bli nullutslepp i god tid før 2030.

Publisert: 10.04.2023 05:06

Sist oppdatert: 10.04.2023 17:31

Mer om