I ein revisjon av den samfunnsøkonomiske analysen for Stad skipstunnel, kjem nye tal for prosjektet på bordet. Det er spesielt verdien av steinmassane frå tunnelen som har auka verdien av tunellen.
Det skriv Kystverket i eit brev til Nærings og fiskeridepartementet 22. oktober.
Den førre vurderinga av verdien av å bygge tunnelen er frå 2018. Då var vurderinga at verdien var 728 millionar 2025-kroner.
Den nye vurderinga er at verdien er 2.024 millioner kroner, to milliardar. Det er nesten tre gangar meir enn ved førre vurdering.
Ettertrakta stein
Ei rekkje planlagde prosjekt både nord og sør for tunnelen har auka verdien av steinen med knappe 1,2 milliardar kroner.
«I tiden fra 2021 og frem til nå har ulike private og offentlige aktører i kommunene Vanylven, Stad og Kinn arbeidet frem nye prosjekter knyttet til næringsvirksomhet. Reguleringsplaner er vedtatt for alle tiltak inkludert i beregningene», heiter det i brevet.
Fleire enn 20 prosjekt i vertskommunane blei i fjor peika ut til å få stein frå skipstunnelen.

Verdifull tidsgevinst
Også verdien av spart ventetid er no rekna inn, og aukar nytteverdien med 476 millionar kroner.
Kystverket baserer den vurderinga på ein spørreundersøkelse hos navigatørar i 2024 og meteorologiske data.
På minussida er at den negative verdien av utslepp til luft i anleggsfasen har auka med 306 millionar kroner.
Kystverket fortel i brevet av balansen mellom kostnadar og nytte har utvikla seg omlag likt sidan førre vurdering.
Overstyrt av Stortinget
Ap-regjeringa fortalde etter valet at den ikkje vil bygge Stad Skipstunnel fordi den meiner utbygginga blir for dyr.
Regjeringa sitt framlegg var å ikkje løyve meir pengar til tunnelen og avlyse prisforhandlingar med dei tre entreprenørgruppen som har lagt inn bod på bygginga.
Eit fleirtal på Stortinget ville de annleis, og Kystverket har fått klarsignal om å forhandle om prisen.
Peiker på at prisen inkluderer moms
Då fylkestinget i Møre og Romsdal førre veke bad Stortinget om at forhandlingane måtte halde fram, peika fylkesordførar Anders Riise på eit anna forhold ved prisen på skipstunnelen.
– Eit poeng som ikkje har vore framme i reknestykket, er at skipstunnelen har ein moms på 20 prosent, i motsetning til jernbaneprosjekt, som slepp denne, sa han.
– Slik sett kan ein seie at den reelle kostnaden for skipstunnelen er under sju milliardar, og ikkje 9,4 milliardar kroner, la Riise til.
Skal forhandle i fleire rundar
Brevet frå Kystverket til departementet er eit svar på meldinga om at forhandlingane skulle vidareførast.
Planen er å få eit revidert tilbod i slutten av november og forhandle i desember.
Deretter skal Kystverket og entreprenørane forhandle i fleire rundar med mål om å gi departementet eit endeleg beslutningsgrunnlag på vårparten.
Publisert: 24.10.2025 12:49
Sist oppdatert: 24.10.2025 16:44






