Tysdag skal fylkesutvalet i Møre og Romsdal behandle forslaget til ei tiltakspakke på til saman 175 millionar kroner.
– Fylkeskommunedirektøren har i denne saka prioritert mange små tiltak som kan kome raskt i gong og kan sysselsette næringsliv over heile fylket, heiter det i framlegget.
– For å sikre effektiv bruk av denne støtta, er det ein føresetnad at destinasjonselskapa slår seg saman til eitt selskap, heiter det i forslaget.
Då NETT NO tek kontakt om saka, presiserer regional og næringssjef Bergjlot Landstad i Møre og Romsdal fylkeskommune at formuleringa i forslaget blei meir bastant enn hensikta var.
– Det er formulert meir kategorisk enn det var meint. Hensikta er å signalisere ei tydeleg forventning om at selskapa jobbar for samanslåing. Dette har vore også eit ønske frå destinasjonsselskapa sjølv for å få meir tyngde i arbeidet, fortel Landstad til NETT NO.
Dei tre reiselivsselskapa i fylke - Geiranger Utvikling, Visit Nordmøre og Romsdal og Destinasjon Ålesund & Sunmøre – er i dag sjølvstendige selskap, men jobbar også saman under paraplyorganisasjonen Møre og Romsdal Reiseliv. Til vanleg delar reiselivsselskapa og bedriftene på rekninga for slik marknadsføring. Ifølgje forslaget slepp bedriftene å betale.
– Vi vil oppretthalde, og vurdere å auke støtta til Møre og Romsdal Reiseliv, samtidig som kravet om bidrag frå bedriftene vert fjerna, heiter det i (lenke til pdf-fil).
I samband med dei nye miljøkrava til skipstrafikken i verdsarvfjordane som gjeld frå 2026, vil ein også opprette eit partnarskap mellom Stranda kommune, Innovasjon Norge og fylkeskommunen.
Til saman 69 millionar kroner foreslår administrasjonen skal gå til denne sektoren.
Av dette skal 36 millionar gå til drift og vedlikehald av fylkesvegane, 14 millionar til asfaltering, 10 millionar til utbetring av gang- og sykkelvegar og 9 millionar til andre trafikktryggingstiltak på fylkesvegane.
Det blir føreslått å lyse ut anbod på 12,5 millionar til enklare vedlikehald og reparasjonar. I tillegg vil fylkeskommunen bruke 37,5 millionar kroner til større vedlikehaldsprosjekt og ombygging ved nokre av dei vidaregåande skulane.
Pakka inneheld også mellom anna 22 millionar til kulturfeltet og 23 millionar til byutviklingsprosjekt i Kristiansund, Molde og Ålesund.
(lenke til PDF-fil)
Møtet startar kl. 10 og blir strøyma direkte på nettsidene til fylkeskommunen (ekstern lenke)
– Fylkeskommunedirektøren har i denne saka prioritert mange små tiltak som kan kome raskt i gong og kan sysselsette næringsliv over heile fylket, heiter det i framlegget.
Skal nyttast til marknadsføring
Her blir det mellom anna foreslått å løyve 10 millionar kroner ekstra til reiselivsnæringa. Støtta skal nyttast til å målrette marknadsføringa mot dei marknadane som først vert opna etter koronakrisa.– For å sikre effektiv bruk av denne støtta, er det ein føresetnad at destinasjonselskapa slår seg saman til eitt selskap, heiter det i forslaget.
Då NETT NO tek kontakt om saka, presiserer regional og næringssjef Bergjlot Landstad i Møre og Romsdal fylkeskommune at formuleringa i forslaget blei meir bastant enn hensikta var.
– Det er formulert meir kategorisk enn det var meint. Hensikta er å signalisere ei tydeleg forventning om at selskapa jobbar for samanslåing. Dette har vore også eit ønske frå destinasjonsselskapa sjølv for å få meir tyngde i arbeidet, fortel Landstad til NETT NO.
Dei tre reiselivsselskapa i fylke - Geiranger Utvikling, Visit Nordmøre og Romsdal og Destinasjon Ålesund & Sunmøre – er i dag sjølvstendige selskap, men jobbar også saman under paraplyorganisasjonen Møre og Romsdal Reiseliv. Til vanleg delar reiselivsselskapa og bedriftene på rekninga for slik marknadsføring. Ifølgje forslaget slepp bedriftene å betale.
– Vi vil oppretthalde, og vurdere å auke støtta til Møre og Romsdal Reiseliv, samtidig som kravet om bidrag frå bedriftene vert fjerna, heiter det i (lenke til pdf-fil).
Fleire reiselivstiltak
Fylkeskommunen vil også tilby ressursar via prosjektet «Reiseliv, mat og kultur». Saman med destinasjonsselskapa og Innovasjon Norge vil det bli mogleg å få støtte til ekstra «kompetansehevande tiltak til reiselivsbedrifter» i fylket.I samband med dei nye miljøkrava til skipstrafikken i verdsarvfjordane som gjeld frå 2026, vil ein også opprette eit partnarskap mellom Stranda kommune, Innovasjon Norge og fylkeskommunen.
Les også:
Mest til samferdsel
Samferdsel får den største potten i forslaget til tiltakspakke som blir lagt fram for politikarane tysdag.Til saman 69 millionar kroner foreslår administrasjonen skal gå til denne sektoren.
Av dette skal 36 millionar gå til drift og vedlikehald av fylkesvegane, 14 millionar til asfaltering, 10 millionar til utbetring av gang- og sykkelvegar og 9 millionar til andre trafikktryggingstiltak på fylkesvegane.
Skule, byutvikling og kultur
Den andre store potten i krisepakka går til utdanningssektoren med 50 millionar kroner til skulebygg.Det blir føreslått å lyse ut anbod på 12,5 millionar til enklare vedlikehald og reparasjonar. I tillegg vil fylkeskommunen bruke 37,5 millionar kroner til større vedlikehaldsprosjekt og ombygging ved nokre av dei vidaregåande skulane.
Pakka inneheld også mellom anna 22 millionar til kulturfeltet og 23 millionar til byutviklingsprosjekt i Kristiansund, Molde og Ålesund.
Les også:
Koronakrise stoppar ikkje utviding:
(lenke til PDF-fil)
Møtet startar kl. 10 og blir strøyma direkte på nettsidene til fylkeskommunen (ekstern lenke)
Fylkeskommunedirektøren har i denne saka prioritert mange små tiltak som kan kome raskt i gong og kan sysselsette næringsliv over heile fylket
Publisert: 06.04.2020 12:15
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:55