Pharma Marine - Leif Kjetil Gjendemsjø foto Pharma Marine
VEKST: God vekst for Pharma Marine og dagleg leiar Leif Kjetil Gjendemsjø. Foto: Pharma Marine
Nytt

Solid opptur for omega 3-produsent

Søvik-bedrift med kraftig vekst, og sitt beste resultat nokon gong.

04.07.2022

Pharma Marine merkar auka etterspørsel etter selskapet sine omega 3-produkt. I fjor vart det sett solid ny omsetningsrekord med 265,1 millionar kroner.

Resultatet før skatt enda på 40,1 millionar kroner, som er det klart beste resultatet sidan oppstarten i 2010.

Pharma Marine
Årsresultat (i mill kr) 2021 2020
Driftsinntekter 265,1 216,6
Driftsresultat 41,6 15,5
Resultat før skatt 40,1 10,1

Mest muleg i Søvika
Pharma Marine er bygt opp og drive av Gjendemsjø-familien, som har lange fiskartradisjonar. Søvik-selskapet har også avtale om råstoff med fleire fabrikktrålarar som prosesserer fisken om bord.

Men selskapet hentar også råstoff frå andre stader, blant anna hentar selskapet inn ein del olje frå ansjosproduksjon i Peru.

Pharma Marine har ei rekke ulike produkt, og dagleg leiar Leif Kjetil Gjendemsjø har tidlegare opplyst til NETT NO ønskjer å gjere produkta mest muleg ferdige i Søvika, heilt fram til dei får etikettane på.

Omega 3
OMEGA 3: Pharma Marine produserer ei rekke ulike omega 3-produkt. Foto: Pharma Marine

Mest eksport - 58 tilsette
I 2021 gjekk 44 prosent av salet til Nord-Amerika, medan Asia stod for 32 prosent og Norge for 18 prosent.

Selskapet har gradvis auka talet på tilsette, og hadde ved årsskiftet 58 tilsette.

Pharma Marine har ein samla eigenkapital på 74,0 millionar, og ei langsiktig gjeld på 10,6 millionar.

Leif Kjetil Gjendemsjø eig 94,7 prosent av selskapet, medan Ingjerd H. Lystad og Martin Frostad eig 2,6 prosent kvar.

Publisert: 04.07.2022 09:00

Sist oppdatert: 04.07.2022 18:47

Mer om