Foldal Stempel Ill Foldal stempelk
VEKSTMARKNAD: Skilt til både private og bedrifter har gitt vekst til Foldal Stempel, sjølv om marknaden for selskapet sitt opphavlege produkt - stempel - har krympa. Foto: Folldal Stempel
Nytt

Solid profitt på skilt og stempel

Foldal Stempel har hatt eit driftsresultat på minst 20 prosent av inntektene, kvart år sidan starten i 2008.

10.06.2024

Frå ei tidlegare skulestove i Follestaddalen i Ørsta sender familieeigde Foldal Stempel ut stempel og skilt landet over, med solid forteneste.

Verksemda blei etablert av bestefar til noverande dagleg leiar, Eirik Foldal, som eig selskapet saman med søsken og mor, medan far og tidlegare medeigar Asbjørn Foldal har trekt set ut av eigarskapet.

I si noverande form har selskapet eksistert sidan 2008, og har stort sett hatt vekst frå år til år. I fjor blei det ny inntektsrekord (sjå tabell) og Eirik Foldal seier 2024 ligg an til å bli omlag som i fjor.

Foldal Stempel hadde ni tilsette i fjor.

Snudde seg til ny marknad
Stempel utgjer omlag 50 prosent av driftsinntektene, men det er skiltdelen til verksemda som står for verksten, seier Foldal.

Digtalisering og eit papirlaust samfunn at redusert skiltetterspørselen, men Foldal Stempel har fått ein aukande andel av marknaden, fordi konkurrentar har trekt seg ut, ifølgje Foldal.

Alt for 10 år sidan sto dørskilt i akryl, jakkeskilt og kontorskilt over 35 prosent av driftsinntektene, og skiltsatsing gjorde at selskapet meir enn dobla inntektene frå 2012 til 2015. Veksten har halde fram sidan, men i meir beskjeden takt.

19 millionar i banken
Overskot gjennom mange år har bygd opp ein eigenkapital på 27 millionar kroner i selskapet.

Foldal Stempel har praktisk tala ikkje langsiktig gjeld og hadde 19 millionar kroner ståande i banken ved utløpet av 2023.

Foldal Stempel as
Tal i mill. kroner20232022
Driftsinntekt22,319,9
Driftsresultat4,65,2
Resultat før skatt5,75,9

Publisert: 10.06.2024 12:27

Sist oppdatert: 10.06.2024 12:28

Mer om