Solstrand med vellukka snuoperasjon
SOLSTRAND: Verftet i Tomrefjorden hadde mindre å gjere i fjor enn året før, viser årsmeldinga. Foto: Solstrand Verft
Nytt

Solstrand snudde minus til pluss

Men verftet hadde mindre å gjere i fjor.

Marius Rosbach
31.07.2023

Solstrand Verft i i Vestnes leverte plussresultat i 2022, viser årsmeldinga som no er offentleg. Tomrefjord-bedrifta gjekk med underskott året i forvegen, og slik sett er fjorårsresultatet eit stort skritt i rett retning.

Eit resultat før skatt på knappe 2,4 millionar gir likevel ikkje ein driftsmargin på meir enn kring 3,5 prosent.

Omsetninga gjekk også betydeleg ned frå 76 millionar i 2021, til 66 millionar kroner i 2022 (sjå tabell under).

Solstrand Verft
Årsresultat (i mill kr)
20222021
Driftsinntekter66,976,9
Driftsresultat2,4-1,8
Res. før skatt2,4-1,8

På utkikk etter fleire tilsette
Då NETT NO møtte verftsleiinga i fjor var dei på utkikk etter fleire tilsette. Verft jakta spesielt fagarbeidarar, og ungdom som vil verte lærlingar.

– Vi treng fleire, mange fleire, sa dåverande dagleg leiar Wilhelm Eggesbø – og fortalde at han kunne tilsett ti personar på dagen.

Solstrand har i hovudsak retta seg inn mot oppdrag innan vedlikehald og service. Samtidig vurderer dei nybygg – i første rekke servicebåtar til oppdrettsnæringa.

Har vore gjennom snuoperasjon
Verftet var gjennom ein snuoperasjon som starta då Tore Rekdal kjøpte verftet frå Øyvind Sævik i 2016. Solstrand-verftet er no del av Rekdal Group, der Tore Rekdal eig alle aksjane.

Trass i underskotet i 2021, har pilane stort sett peika oppover for Vestnes-verftet sidan den nye eigaren overtok.

Toppåret førebels var i 2020, då omsetninga bikka 100 millionar kroner for første gong på meir enn ti år.

Eigenkapitalen i verftselskapet var på 11,8 millionar ved utløpet av 2022, og langsiktig gjeld på 6,9 millionar.

Publisert: 31.07.2023 11:37

Sist oppdatert: 31.07.2023 14:36

Mer om