20220406 105317
SOLSTRAND: HR-ansvarleg Roar Jønson og dagleg leiar Wilhelm Eggesbø ved Solstrand Verft jaktar fleire tilsette. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

- Kan tilsetje ti arbeidarar på dagen

Solstrand Verft jaktar fleire tilsette. Verftsdirektøren oppmodar spesielt kvinner om å søke.

06.04.2022

- Lenge har verftsindustrien vore ein mannsdominert arbeidsplass. Slik treng det ikkje vere framover.

Det seier dagleg leiar Wilhelm Eggesbø ved Solstrand Verft.

Tomrefjord-verftet har i dag 26 fast tilsette, men treng mange fleire.

- Om eg får rette søkarane, kan eg tilsetje ti på dagen, seier Eggesbø.

- Treng mange fleire
Dei fleste er menn, men verftet er der blant anna ein kvinneleg kranførar og ein kvinneleg leiar i røravdelinga.

- Og nyleg har eg tilsette ei ung kvinne som industrimålar.

- Men vi treng fleire, mange fleire, seier Eggesbø.

Konkurransedyktig løn

Solstrand verft jaktar spesielt fagarbeidarar, og ungdom som vil verte lærlingar.

- Å jobbe i verftsindustrien er utruleg spennande og variert. Ikkje ein einaste dag er lik.

- Og vi har gode pensjonsordningar og konkurransedyktige løner. Det er berre å ta kontakt, seier Eggesbø.

Han meiner at det i mange år har vore for stor fokus på høgare utdanning.

- Alle kan ikkje ta ein master eller ein bachelor. Vi treng fleire fagarbeidarar. Vi er i ferd med å miste ein heil generasjon med arbeidarar som har praktisk kompetanse.

Vi er i ferd med å miste ein heil generasjon med arbeidarar som har praktisk kompetanse
Wilhelm Eggesbø

Ser på nybygg
Eggesbø fortel om stor aktivitet ved verftet, i hovudsak med vedlikehald og service.

Verftet har no begge dokkene i sving, den eine på 100 meter og den andre på 65 meter.

- Dette gjer oss fleksible, seier Eggesbø.

Verftet ser også på nybygg.

- I første omgang dreier det seg om servicebåtar til oppdrettsnæringa, men vi ser også på større prosjekt.

Fleire saker frå Nor-Shipping:

Publisert: 06.04.2022 15:11

Sist oppdatert: 06.04.2022 15:40

Mer om