Solstrand verft innfelt Wilhelm Eggesbø Foto Samferdselsfoto 11
PÅ STØ KURS: Wilhelm Eggesbø (innfelt) starta som dagleg leiar av Solstrand Verft i sommar. Han tek over eit verft med sunn økonomi, etter ein snuoperasjon i løpet av dei siste åra. Foto: Samferdselsfoto/privat
Nytt

Meir enn dobla omsetning på to år

Solstrand verft hadde fleire i arbeid og ny vekst i koronaåret.

Marius Rosbach
27.09.2021

Dei siste åra har Solstrand Verft levert overskot og auka inntektene betydeleg. Tomrefjord-verftet leverer eit nytt rekneskap som viser auka omsetning for 2020 (sjå tabell under saka).

Omsetninga enda i fjor på 106 millionar kroner – ei auke på nær 30 prosent frå året i forvegen - og meir enn ei dobling frå 2018.

Dårlegare lønnsemd
Rekneskapen viser at lønnsemda gjekk ned frå året før. Eit driftsresultat på 3,7 millionar kroner utgjer ein driftsmargin på berre kring 3,5 prosent.

– Koronaen førte til auka kostnader, men vi har samtidig fått båtar med større behov for vedlikehald. Vi klarte å halde på bemanninga og utføre arbeidet vi skulle gjere, fortalde dagleg leiar Wilhelm Eggesbø til NETT NO i sommar.

Eggesbø starta som dagleg leiar i juni, og legg vekt på at verftet skal bygge stein på stein, og gradvis nærme seg nybygg og andre segment for vedlikehald.

Fleire tilsette
Verftet har vore gjennom ein snuoperasjon som starta då Tore Rekdal kjøpte verftet frå Øyvind Sævik i 2016. Solstrand-verftet er no del av Rekdal Group, der Tore Rekdal eig alle aksjane.

Ved utgangen av fjoråret sysselsette verftet 18 årsverk – seks fleire enn i 2019. I tillegg har dei nokre innleige og underleverandørar innfor portane.

Verftet har ein samla eigenkapital på drygt ti millionar kroner og ei gjeld på 18 millionar. Det blir ikkje teke utbytte etter fjoråret, men det er sett av 3,9 millionar kroner til konsernbidrag.

Solstrand Verft
Årsresultat (i mill kr)
2020 2019
Driftsinntekter 106,2 81,9
Driftsresultat 3,7 5,2
Res. før skatt 3,6 5

Publisert: 27.09.2021 15:51

Sist oppdatert: 27.09.2021 16:12

Mer om