Toyota Nordfjord og Førde har kjøpt sju mål næringsareal aust for Stryn sentrum. Målet er å sikre seg plass til eit nytt butikk-og verkstadsbygg dersom dagen leigeavtelen rett vest for sentrum ikkje blir forlenga.
Ørjan Solvang og hans to brør eig og driv ein av Nordvestlandets mest lønsame bilforhandlarar (sjå tabell), og har og blitt ein større lokal eigedomsinvestor.
I Deknepollen (området aust for Måløybrua) sit selskapet med 35 mål, som i stor grad ikkje er utbygd. Der er også bilbutikk og verkstad, og hovudkontoret til Toyota Nordfjord og Førde.
I Stryn kjøpte selskapet Rise Næringspark frå Kveen-familien (eigarane av mellom anna entreprenørselskapet Kveen as). Rise Næringspark eig arealet aust for sentrum. Prisen er ikkje oppgitt.
Solvang seier dagens leigeavtale vest for Stryn sentrum går ut om to - tre år. Førebels er det for tidleg å seie om selskapet vil bygge på den nye tomta, men no er det i alle fall sikra ein plass i Stryn også framover.
Skal selskapet bygge på den nye tomta sakl det skje i eigen regi, som i Førde.
Også fjoråret blei bra (sjå tabell), med ein resultatmargin på 6,4 prosent.
-Det ein ein god marknad. Vi sel godt med bil, seier dagleg leiar Ørjan Solvang.
Selskapet har butikkar i Vågsøy, Stryn og Førde, og salet fordelar seg rundt 50/50 mellom Sunnfjord og Nordfjord. I 2016 ventar Solvang eit sal oå line med 2015.
Ørjan Solvang og hans to brør eig og driv ein av Nordvestlandets mest lønsame bilforhandlarar (sjå tabell), og har og blitt ein større lokal eigedomsinvestor.
I Deknepollen (området aust for Måløybrua) sit selskapet med 35 mål, som i stor grad ikkje er utbygd. Der er også bilbutikk og verkstad, og hovudkontoret til Toyota Nordfjord og Førde.
40 millionar
I Førde opnar selskapet nye butikk i september. Bygget eig dei sjølve, og investeringa er på rundt 40 millionar kroner.I Stryn kjøpte selskapet Rise Næringspark frå Kveen-familien (eigarane av mellom anna entreprenørselskapet Kveen as). Rise Næringspark eig arealet aust for sentrum. Prisen er ikkje oppgitt.
Solvang seier dagens leigeavtale vest for Stryn sentrum går ut om to - tre år. Førebels er det for tidleg å seie om selskapet vil bygge på den nye tomta, men no er det i alle fall sikra ein plass i Stryn også framover.
Skal selskapet bygge på den nye tomta sakl det skje i eigen regi, som i Førde.
På toppen
Medan dei fleste bilforhandlarane på Nordvestlandet sleit med dårleg lønsemd i 2013, hadde Toyota Nordfjord og Førde eit resultat før skatt som tilsvarte 9,7 prosent av driftsinntektene.Også fjoråret blei bra (sjå tabell), med ein resultatmargin på 6,4 prosent.
-Det ein ein god marknad. Vi sel godt med bil, seier dagleg leiar Ørjan Solvang.
Selskapet har butikkar i Vågsøy, Stryn og Førde, og salet fordelar seg rundt 50/50 mellom Sunnfjord og Nordfjord. I 2016 ventar Solvang eit sal oå line med 2015.
Publisert: 27.06.2016 11:19
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:58