Gunther Dahler Bjørkedal 2
LYS: Koronaåra var harde for hotelldrift. No ser reiselivsdirektør Günther Dahler fram til meir normale år.
Nytt

Spår solskinstal for Havila-hotella i 2023

Bemanningsproblem prega minusåret 2022.

2022 var eit utfordrande år for Havila Hotels. Sjølv om eigendomsselskapa sine resultat var positive, var det berre minus å sjå for sjølve hotella.

No spår reiselivsdirektør Günther Dahler at årets resultat vil bli lysare, og at to av hotella kan få rekordomsetning.

– Vi føler vi er tilbake og kan ta opp igjen tankane om utvikling som vi hadde før pandemien. 2023 kjem til å bli eit bra driftsår.

Sjå tabell over resultata for hotell og eigedomsselskapa til Havila nedst i saka.

Utfordringar med personale
2022 var overgangsåret frå pandemi til full gjenopning. Difor var det vanskeleg å få personale til å kome over grensene.

Spesielt på Raftevold i Grodås og Geiranger hotell, som er sesonghotell, var bemanninga ei utfordring.

– På Raftevold hadde vi ikkje nok personale før juni. Her valde vi å ha ei minimal bemanning, fordi vi ville sikre at dei tilsette vi hadde blei brukt i Geiranger. Her såg vi meir potensiale for betre omsetjing.

I Ørsta fekk Hotel Ivar Aasen si beste omsetning nokon gong, men grunna dei høga kostnadane enda det også i minus her.

Raftevold hotel uteanlegg foto havila hotel raftevold 11
LÅN: Raftevold Hotel er i dialog med Volda kommune om eit samarbeid om BUA-konseptet til kommunen. Foto: Havila

Spiralen
Dahler omtaler utfordringa som ein spiral. Straumutgiftene auka, lønskostnadane blei høgare og det var vanskeleg å få tak i folk.

– Eg bruker å seie med eit smil at om det var nokon som hadde kokkehatt og forkle måtte vi betale lønskostnadar for ein ti-års faglært kokk.

Hadde kostnadane vore på nivå med åra før pandemien, trur reiselivsdirektøren at resultata hadde vore greie.

– Vi nytta 2022 til andre ting enn berre å sitte på ræva.

Difor oppgraderte dei både system, restaurantar og rom.

For å unngå like store bemanningsproblem i 2023 tok dei eit kostbart grep.

Gunther Dahler Bjørkedal 3
GRØNN PROFIL: Å vurdere kostnytte opp mot profilen om berekraft er noko som ofte går igjen i planlegginga. Foto: Marius Åmbakk Bjørkedal

Lønna utanfor opning
Havila valde å behalde nøkkelpersonale etter sesongen var over.

Dette blir ein direkte kostnad når hotella ikkje er i aktivitet.

– I ettertid har vi sett at dette var riktig val, fordi vi kunne rekruttere på ein heilt annan måte i forkant av 2023.

Ser lysare ut
Slik det står til i dag går Geiranger Hotel mot den høgste omsetninga nokon gong. Det same gjeld Hotel Ivar Aasen.

– I Geiranger forventast det eit positivt resultat. På Ivar Aasen ligg vi litt etter det vi hadde håpa på, grunna dårleg vêr i sommarmånadane. Her blir nok resultatet svakt positivt.

Litt betre for Ivar Aasen
REKORDHOTELL: Hotell Ivar Aasen i Ørsta går mot andre rekordomsetning på rad.

Meir usikre er dei på utsiktene for Raftevold. Her mista dei ein månad med forventa omsetning, fordi trafikken kom seinare og drog tidlegare.

Dahler ventar eit vesentleg betre resultat, sjølv om han er usikker på om det blir grønt.

Han peikar på at kostnadsbildet i 2023 påverkar resultata deira.

– Vi driv i ei næring der det er små marginar. Mykje går på å planlegge 12-18 månadar fram i tid med å kontrahere og selje inn.

Prisauke
Frå dei overtok i Geiranger i 2019, til sommaren 2023 fortel Dahler at dei nesten har dobla romprisane sine.

Når han samanliknar prisane i 2022 med 2023 for alle hotella, har prisane auke med rundt 25 til 30 prosent.

– Vi opplev at det er ei god betalingsvilje, spesielt i Geiranger.

Gunther Dahler Bjørkedal 1
BIDRAG: Günther Dahler seier at når dei driv hotell i ei bygd, må dei også bidra til lokalsamfunnet. Foto: Marius Åmbakk Bjørkedal

Jobbar mot berekraftige produkt
Fleire hotell har som mål å bli energinøytrale.

– Om vi skal utbetre nokon av hotella våre er berekraft eitt av dei første punkta på agendaen.

Hotella er gamle. Difor har dei jobba med å gjere isolasjonen betre, samt å gjere ventilasjonssystemet gjenvinnbart.

– Vi arbeider også med eit svinnprogram, som skal sørge for at vi kastar mykje mindre mat enn før.

Havila-hotella
I mill. Kroner
Driftsinntekt Resultat før skatt
2022 2021 2022 2021
Geiranger Hotelldrift as 30,7 23,0 -3,6 -3,1
Geiranger Fjord Hotels as (eigedomselskap) 8,1 4,3 5,1 1,8
Hotell Ivar Aasen as 22,5 15,8 -1,1 -0,3
Hotell Ivar Aasen Eigedom as 5,1 4,5 1,4 1,4
Raftevold Hotel as 4,6 3,4 -2,8 -2,7
Eiendom Hornindal as 0,8 0,3 0,5 -0,1
Raftevold Hotel Eigedom as 1,3 0,8 0,7 0,2
SUM 73,1 52,1 0,2 -2,8

Publisert: 24.10.2023 15:30

Sist oppdatert: 26.10.2023 21:44