Sparebanken Moere aukar i offshore
MEIR OFFSHORE: Ei eiga gruppe i banken skal sørge for at Sparebanken Møre får ein større bit av offshorekaka. 
Nytt

Sparebanken Møre aukar i offshore

Sparebanken Møre hentar Marianne Kvinnesland frå Nordea for å styrkje satsinga på offshore-marknaden

14.11.2013
skal leie den nye offshoregruppa i Sparebanken Møre når ho skiftar arbeidsgivar ved årskiftet. Ho stadfestar jobbskiftet, men vil ikkje kommentere innhaldet i jobben før ho tek til etter nyttår.
I dag har ho ansvaret for Nordea sine utlån til fiskeflåten, og er ein del av storkunde-og fiskerigruppa i Nordea i Ålesund.
Kvinnesland er fødd i 1960, utdanna siviløkonom frå Norges Handelshøyskole i 1985, og har tidlegare arbeidd i Sunnmørsbanken, Kreditkassen og Glitnir, mellom anna med skipsfinansiering.

Fotfeste

Den nyskipa offshoregrupa skal syte for at Sparebanken Møre får betre fotfeste hos offshorereiarlaga.
I dag har banken rundt 2,5 milliardar kroner i utlån til offshorereiarlag. Utlån til offshorereiarane utgjer 3,4 prosent av banken sine samla utlån. Det er for lite, meiner administrerande direktør Olav Arne Fiskerstrand.
Banken er ein liten aktør i ei av dei aller viktigaste næringane på Nordvestlandet. Fiskerstrand viser til at berre til samanlikning kostar heile 1,4 milliardar kroner.
Fiskerstrand vil ikkje talfeste eit mål på kor store utlån og garantiar banken bør ha i offshoresektoren, ut over at det er snakk om ein "betydeleg" auke.
Saman med Kvinnesland er to av banken sine eigne folk rekrutterte inn til den nye offshoregruppa i banken. Gruppa skal vere i drift frå årsskiftet.

800 millionar

I løpet av det siste året har Sparebanken Møre auka ansvarleg kapital med 40 prosent, mellom anna gjennom ein emisjon på 375 millionar kroner i haust. Den ansvarlege kapitalen er no på 5,4 milliardar kroner. Etter banken sine eigen retningsliner opnar det for einskildengasjement i offshoresektoren på rundt 800 millionar kroner.
Banken er ikkje for liten til å vere med i konkurransen om offshorekundane, meiner Fiskerstrand, sjølv om den ikkje er i stand til å løfte så store kontraktar som til dømes Østensjø skip hos Kleven.
- Farstad ei ein av våre største kundar, seier Fiskerstrand.

Større på næringsliv

I dag går 34,8 prosent av utlåna (på tilsaman 45 milliardar kroner) frå Sparebanken Møre til næringslivet. I løpet av dei siste tolv månadane har utlån til bustad auka med 10,2 prosent, medan utlån til næringslivet berre har auka med 1,2 prosent. Fiskerstrand trur styrkja eigenkapital vil gjere det lettare å vekse på utlån til heile næringslivet.
- Vi ønskjer å auke andelen vår på næringsliv, seier han.
Målet er ein næringslivsandel på 40 prosent.
- Det trur eg vi skal klare, seier Fiskerstrand.
Lukkast han, vil det i så fall bety at banken skal låne ut ti milliardar kroner ekstra til næringslivet framover.

Tøffare krav

Like før den raudgrøne regjeringa gjekk av, la den fram nye krav til eigenkapital i bankane. Kva det blir til er ikkje endeleg avgjort, og den nye regjeringa har signalisert at den vil sjå på detaljane på nytt. Kravet er ein del av ei generell skjerping av krav til eignekapital i bankvesenet i heile Europa, og den norske finansnæringa har klaga over at særnorske krav gir norske bankar ein ulempe i konkurransen med utanlandske bankar.
- Spørsmålet no er om dei strammar for hardt til. Over tid kan du ikkje ha så store skilnadar i regelverket, seier Fiskerstrand.
Men han meiner strammare krav er ein fordel. Den første forslaget til internasjonale krav til eigenkapital i bankane (Basel I, etter plasseringa av sekretariatet i den), kom i 1988 og blei innført i 1991.
Neste forslag kom i 2004 (Basel II), og blei innført i Noreg frå 1.januar 2007. Dei nye reglane gjorde det i lettare å låne ut. Så lett at det var med på å utløyse den internasjonale finanskrisa i 2007/2008, meiner Fiskerstrand.
- Eigenkapitalen blei for lav i heile banksystemet, seier han.
No er altså nye reglar på veg (Basel III), som strammar inn krava til eignekapital igjen.
Vi ønskjer å auke andelen vår på næringsliv

Publisert: 14.11.2013 12:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:30