Sprenger alle prognosar
BADEGLEDE: Folk frå heile Sunnmøre strøymer til Fosnavåg for å oppleve ekte badeglede i Sunnmørsbadet.
Nytt

Sprenger alle prognosar

Sunnmørsbadet i Fosnavåg er blant topp tre trekkplaster for Thon Hotel Fosnavåg.

Administrator
07.09.2015
Mange dømde badelandsatsinga i Fosnavåg nord og ned, men Sunnmørsbadet slår tilbake og gjer alle negative spådomar til skamme. Det gjer at hotellet i Fosnavåg også har blitt badehotell.
Tilreisande som kjøper hotellpakken som Sunnmørsbadet tilbyr ilag med Thon Hotel Fosnavåg sto for rundt sju prosent av driftsinntekten for hotellet i juli, i følgje hotelldirektør Gunther Dahler.
Turistane sto for 85 prosent av driftsinntektene til hotellet i feriemånaden juli. Fuglefjellet Runde er det største trekkplasteret for hotellet, medan badegjestar og tilreisande som kombinerer fiske og andre turar på sjøen er dei nest største gruppene.

Fantastisk start

Til og med juli hadde 50.980 kundar vore innom det nye badeanlegget i Fosnavåg. Då var det gått berre gode fire månader sidan Sunnmørsbadet opna for publikum.

- Det har vore ein heilt fantastisk start, seier ein strålande fornøgd dagleg leiar Karl Petter Sortehaug i Sunnmørsbadet As.
Besøkstala viser at Sunnmørsbadet har blitt ein langt større suksess enn sjølv dei mest optimistiske hadde forventa. Om dette held fram vil det forventa årsbesøket på 85.000 vere nådd i løpet av oktober, eller etter berre 7-8 månaders drift.

Solid resultat

Med slike besøkstal teiknar badelandsatsinga også til å bli ein skikkeleg økonomisk suksess. Etter tre og ein halv månad hadde Sunnmørsbadet selt badeglede for 6 millionar kroner og skapt eit driftsresultat på vel 1,5 millionar kroner før avskrivingar og finanskostnader.
Dette var 169 prosent betre enn det budsjetterte for same perioden.
Fråtrekt driftskostnader og avskrivingar sat selskapet igjen med eit resultat på vel 258.000 kroner.
- Men er dette noko som kan halde fram?
- Nyheitseffekten har nok hatt sitt å seie på besøket, og på sikt må vi helt klart jobbe for å få redusert lånegjelda og avskrivingane, seier Sortehaug.

Knallhard kostnadsstyring

Pr. i dag har selskapet ei lånegjeld på 65 millionar kroner av ei totalfinansiering på rundt 245 millionar kroner.
- Vi er nøydd til å vere knallharde på kostnadssida, og det har vi vore både på bygging og drift, understrekar han.
Årsomsetninga forventar han vil stabilisere seg på 10-12 millionar kroner.
- I dag profiterer vi på låg straumpris og eit behageleg rentenivå, men selskapet må ta høgde for at verda endrar seg, seier Sortehaug.

Strøymer til frå heile Sunnmøre

Så langt kan ein slå fast at Sunnmørsbadet har blitt det regionanlegget som næringslivet satsa på med å prioritere anlegget så sterkt med bruk av RDA-midlar. I tillegg til RDA-midlar er anlegget finansiert med tippemidlar, momskompensasjon og kommunegaranterte lån.
Sortehaug kan forsikre at når parkeringsanlegget er fullt i helgane, så er det ikkje berre herøyværingar som kosar seg i bassenga. Mykje av forklaringa på suksessen er den store tilstrøyminga av besøkande, ikkje minst frå Ålesund, Sula, Stryn og Nordfjord.
Sortehaug seier det er heilt enormt å sjå kor mykje folk rundt om frå Sunnmøre og Nordfjord som kjem til Fosnavåg for å oppleve badeglede. - Vi snakkar om badeglede i all marknadsføring, og det synest eg vi har vore heldige med, seier han.
- Det har vore ein heilt fantastisk start

Publisert: 07.09.2015 13:15

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:46