NTB U Fzz FY Ys4 Xc
PRISVEKSTEN BIT SEG FAST: Illustrasjonsfoto: Vidar Ruud / NTB / NPK Illustrasjonsfoto: Vidar Ruud / NTB / NPK
Nytt

Spår fleire år med høg prisvekst

Det vil ta fem år før prisveksten har falle til 2,6 prosent i året, spår økonomianalytikarar.

17.11.2022

NPK-NTB-Steinar Schjetne: Prisveksten har bite seg fast på eit høgt nivå og kjem til å liggje på 4,9 prosent om tolv månader, ifølgje økonomane i Noregs Banks forventningsundersøking.

Dei siste prognosane til økonomiekspertane ligg 0,8 prosentpoeng høgare enn i førre forventningsundersøking. Først om fem år kjem prisstiginga til å liggje nede på 2-talet, nærare bestemt 2,6 prosent, ifølgje økonomane som har delteke i undersøkinga for fjerde kvartal.

Undersøkinga vart offentleggjort av Noregs Bank torsdag formiddag. Ho kjem kvart kvartal og måler forventningane økonomiekspertar, partane i arbeidslivet, hushalda og næringslivsleiarar har mellom anna til prisstigning, lønnsvekst, sysselsetjing og lønnsemd.

Alle ventar auka prisvekst
Alle deltakarane i undersøkinga har oppjustert prognosane sine frå førre undersøking.

Partane i arbeidslivet ligg omtrent på nivå med økonomane og ventar ein prisvekst på 5 prosent om tolv månader, opp 0,4 prosentpoeng, medan næringslivsleiarane svarer at dei ventar prisveksten på varer og tenester skal liggje på heile 6,4 prosent. Det er 0,8 prosent høgare enn forventningane som vart gitt til kjenne i førre måling.

Hushalda svarer at dei trur prisstiginga ligg på 4,1 prosent, opp 0,5 prosentpoeng frå førre kvartal.

Nytt år med lønnsnedgang
Sjølv om partane i arbeidslivet også oppjusterer forventningane sine til lønnsvekst år, viser tala at vi også då kan komme til å ende med reallønnsnedgang – viss forventningane blir innfridde. I snitt ligg forventningane til arbeidstakar- og arbeidsgivarorganisasjonane på ein prisvekst på 5 prosent om tolv månader, medan lønnsveksten kjem til å ende 4,6 prosent, går det fram av gjennomsnittet av forventningane til organisasjonane.

Då Finans Norge publiserte forventningsbarometeret sitt for to dagar sidan, kom det fram at nordmenn si tru på eigen økonomi og økonomien i nasjonen ikkje har vore lågare dei 30 åra målingane har gått føre seg. Organisasjonen konkluderte då med at «forbrukarane skalkar lukene og førebur seg på usikre tider».

Publisert: 17.11.2022 14:20

Sist oppdatert: 17.11.2022 15:03