Amfi moa illustrasjon foto marius
Nordmenn flest rustar seg for tøffare økonomiske tider. Dei varslar kraftig redusert forbruk og rekordhøg sparevilje. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Nordmenn med lågaste framtidstru på 30 år

Trua på eigen økonomi og økonomien i landet har aldri vore svakare, enn i fersk måling.

15.11.2022
(NPK-NTB-Steinar Schjetne): Trua på eigen økonomi og økonomien i landet framover har aldri vore svakare dei 30 åra Finans Norge har målt forventningane i hushalda.'

– Forventningsbarometeret indikerer at forbrukarane førebur seg på trongare tider framover. Ved sida av dei historisk låge nivåa på aggregerte indekstal, har vi aldri målt eit høgare spareønske eller eit lågare ønske om store innkjøp, seier administrerande direktør Idar Kreutzer i Finans Norge.

Organisasjonen konkluderer med at «forbrukarane skalkar lukene og førebur seg på usikre tider» i omtalen av forventningsbarometeret for siste kvartal i år. Det måler forventningane i norske hushald til eigen økonomi og økonomien i landet og består av fem enkeltindikatorar som blir slått saman til ein hovudindikator. Barometeret er eit kvartalsvis samarbeid mellom Finans Norge og Kantar Public.

Held igjen - og sett av pengar
Høg aktivitet i næringslivet, oppovergåande lønnspress og lite arbeidsløyse blir i stor grad overskygga av skyhøg inflasjon, stigande renter og ein kraftmarknad som også til vinteren ligg an til å ta uforholdsmessig mykje av lønningsposen. Det fører til at folk i større grad held igjen på pengebruken og set av meir til sparing.

Hovudindikatoren fell frå -29,5 i tredje kvartal til -38 i fjerde kvartal. I same periode i fjor var dei økonomiske forventningane klart positive så å seie over heile linja, med ein hovudindikator på 12,1.

Renta kan bli endå høgare
– Det er eit paradoks at vi har svært låg arbeidsløyse og aldri hatt lågare framtidstru, seier Kreutzer.

Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at utgiftene i snitt har auka med 18.000 kroner for norske hushald i år, noko som svarer til 1.500 kroner i månaden. Dei auka utgiftene rammar i størst grad dei som har lågast inntekt. Det er fordi matvarer, straum og drivstoff utgjer ein større del av budsjettet til desse hushalda. Sidan dette er nødvendige gode, blir det vanskelegare å kutte i kostnadene.

Ifølgje SSB er belastninga spesielt stor for einslege forsørgjarar og barnefamiliar. Prognosane og utviklinga så langt tyder på at dei fleste av oss vil ha vesentleg mindre å rutte med ved utgangen av 2022 enn vi hadde då året starta. Og ein prisvekst som er høgare enn det Noregs Bank venta, kan bety at renta også skal høgare enn det som tidlegare har vore signalisert.

– Prisveksten har stige vidare og er klart over målet. Det er høg kapasitetsutnytting i norsk økonomi, og arbeidsmarknaden er stram. Vurderinga til komiteen er at det er behov for ei høgare rente for å føre inflasjonen ned mot målet, skriv Noregs Bank i vurderingane og grunngivinga for renteauken på 0,25 prosentpoeng tidlegare i november.

Samsvarer med EU
Negativiteten er breitt forankra uansett kva variabel ein bryt svara ned på: alder, inntekt, utdanning, kjønn og geografi. Dette finn vi også igjen ved å samanlikne med same tal for EU. Normalt rapporterer norske forbrukarar ein mykje større optimisme enn hushalda i EU, men denne gongen finn vi om lag like negativ forventning. EUs barometer viser -40,5, poengterer Finans Norge.

Ser ein fram eitt år, er framleis trua på eigen økonomi på eit historisk lågt nivå, med langt fleire pessimistiske hushald enn optimistiske. Men no ser vi ei lita justering oppover frå -18,6 til -14,2. Når det gjeld vurderinga av økonomien i landet eitt år framover er pessimismen framleis rådande.

– Det er mogleg at nokre fleire enn ved førre måling kjenner dei har meir oversikt og kontroll over framtidige hushaldsutgifter. Men framleis er ikkje alle renteendringane effektuerte. Mest sannsynleg vil bustadlånsrentene auke vidare, samtidig som ein ser ein svært høg prisvekst mellom anna i kommunale avgifter, mat og andre forbruksvarer. Dette har nok bidrege til at denne delindikatoren framleis er så negativ, seier Kreutzer.

Det viser seg også at dei som stemmer på dei raudgrøne partia, har noko svakare tru på økonomien i landet, både i år og neste år, enn dei som stemmer på borgarleg. Om det indikerer at borgarlege veljarar har større tillit til den økonomiske politikken til regjeringa enn dei raudgrøne, er ikkje visst.

(©NPK)


Publisert: 15.11.2022 15:12

Sist oppdatert: 15.11.2022 15:23

Mer om