Spår overskott halvvegs i 2024
Har satsa 7,2 mrd. på oppdrett i USA til no. Atlantic Sapphire med ny oppdatering etter vekstproblem.
Etter børsen stengte onsdag kom Atlantic Sapphire med en ny oppdatering til marknaden om drifta ved oppdrettsanlegget deira i den amerikanske delstaten Florida.
Der opplyser oppdrettarane mellom anna at dei ventar at sjølve drifta skal gå med overskot i løpet av første halvår.
– Selskapet reknar med å nå ebitda-break-even mot slutten av første halvår 2024, heiter det i meldinga. Ebitda er resultatet før skatt, rentar og av- og nedskrivingar.
Men for å kome dit, føreset at fisken held fram veksten den viste tidleg i sommar, påpeikar selskapet.
Kursen går opp torsdag
Investorane på børsen sende Atlantic Sapphire-aksjen først ned - men midt på dagen torsdag, var kursen opp kring 2,6 prosent.
Det skjer vel å merke etter ei rekke botnnoteringar i det siste. Aksjekursen prisar torsdag selskapet til kring 1,1 milliardar.
Problem med vekst grunna varmt vatn
Atlantic Sapphire har i tredje kvartal hatt problem med veksten hos laksen etter at temperaturen steig i vatnet. Nye kjølarar blei installert i slutten av september, som skulle ta seg av utfordringane.
I oppdateringa opplyser selskapet at temperaturen i oppdrettskara no stabil og nede på 14 grader.
– Dei nye kjølarane er vist seg å vere effektive og pålitelege, heiter det.
Selskapet legg til at erfaringa gjer at det ikkje er sannsynleg med ei investering i eit felles kjøleanlegg for byggetrinn 1 og 2, før neste byggetrinn er i drift.
Er brukt 7,2 milliardar til no
Sidan starten har selskapet med hovudkontoradresse i Vikebukt brukt kring 7,2 milliardar kroner på å kome i gong med landbasert oppdrett.
Etter ein brann ved sitt danske anlegg, har dei satsa berre i USA, men også her har dei streva med å få kontroll på produksjonen.
Undervegs er det henta inn betydelege summar og grunnleggjaren Johan E. Andreassen blitt vatna ut og enda opp som småaksjonær.
Grunnleggjaren går av
Etter kapitalutvidinga i haust eig investeringsfonda VLTCM Ltd og Condire Investors høvesvis 10,2 og 12,48 prosent i Atlantic Sapphire. Det norske oppdrettselskapet Nordlaks Holding eig 12,6 prosent.
Måndag blei det kjent at Johan E. Andreassen går av som sjef i selskapet han har vore med å bygd opp. Jon-Birger Løvik som har vore driftsdirektør i Atlantic Sapphire går samtidig over i ei anna rolle.
Han blir erstatta av Mario Palma, som har vore direktør for akvakulturteknikk i Atlantic Sapphire.
Bakpå med andre byggetrinn
Framover ventar selskapet at veksten tar seg opp – og dermed også slaktevolumet. Innan første halvår 2024 ventar selskapet at mengda med fisk i produksjonen er i tråd med budsjettet for første byggetrinn.
Utfordringane Atlantic Sapphire har hamna i, har gjort at dei har kome bakpå i framdrifta med byggetrinn 2. Til no er det investert 100 millionar dollar – om lag 1,1 milliardar kroner – i fase 2, blir det opplyst i oppdateringa.
Ferdig utbygd skal anlegget få ein kapasitet på kring 25.000 tonn med laks årleg.
Publisert: 02.11.2023 09:06
Sist oppdatert: 02.11.2023 11:48