- Oppdrettsnæringa er van med svingingar, men 2025 har vore eit år som saknar sidestykke dei siste åra, seier Ragnar Nystøyl, sjefanalytikar i Kontali. Denne veka var han ein av innleiarane på eit møte i regi av Havbruksnettverket i Næringsforeningen Ålesundregionen.
Godt hjelpt av lange perioder med gode naturgitte vekstvilkår har produksjonen i merdene auka med opptil 25 prosent denne sommaren.
Analytikaren er likevel svært usikker på om næringa vil klare å halde produksjonsvoluma på same nivå til neste år.
Mindre sjukdom og tap
- Den norske oppdrettsnæringa har hatt ein kraftig auke i produksjonsvoluma etter å ha stått i stampe i fleire år, seier Nystøyl.
Han seier ein del av produksjonsveksten skuldast naturgitte faktorar som har gitt gode veksttilhøve. Noko skuldast at næringa blir stadig flinkare til å motverke skader og sjukdom, men ikkje minst lavare svinn enn i fjor.
- I slutten av august var det seks prosent færre fisk i merdene, men berre to prosent lavare volum, noko som betyr at fisken er både større og kan slaktast litt tidlegare, seier Nystøyl.
- På grunn av det lave volumet slakteklar laks ventar vi likevel ein reduksjon i eksporten i resten av 2025 og første del av 2026. Men då må vi hugse at vi kjem ned frå eit veldig høgt nivå, så vi vil er framleis på veldig sterke volum.
Seindrektig og uklar kurs
Likevel ventar Nystøyl at den store produksjonsveksten til no i år er eit mellombels fenomen. Næringa har framleis utfordringar med å auke kapasiteten. Sjølv om viljen er til stades, så støyter mange på utfordringar på det regulatoriske feltet.
"Regulatorisk er Norge prega av tilbakeholdenheit, seindrektigheit og litt uklar retning", skreiv Nystøyl i si oppsummering.
- Var det eit spark til styresmaktene?
- Det er i alle fall ikkje ei eineståande oppfatning i bransjen. Dei regulatoriske rammene inneheld element som bidreg til usikkerheit og legg ein dempar på investeringslysta, seier Nystøyl.
Han viser mellom anna til at det tek lang tid å få på plass regelverk for ny typar teknologiar, som lukka oppdrettsanlegg, landbasert eller offshore oppdrett.
Manglar forutseielegheit
Nystøyl viser mellom anna til eksempel frå Havbruksmeldinga som kom i januar.
- Der kom det ein del forslag til korleis vi kan tenke nytt i staden å klatte på eksisterande rammeverk - og så blir det ikkje noko av det fordi stortingsfleirtalet meiner det må utgreiast meir. I tillegg blir det varsla forskjellige andre incentiv og ordningar, som heller ikkje kjem på plass …, seier Nystøyl.
Han seier det blir vanskeleg for næringa å investere i ny teknologi og vekst når ein ikkje veit kva som blir rammebetingelsane i framtida.
- Vi treng å få på plass stabile reguleringar som kan skape vekst. Mange aktørar har investert store summar i anlegg og utstyr, og er "rike" på bokførte konsesjonsverdiar og MTB-kapasitet. Men når det kjem endringar i kva slags kapasitet som skal bli favorisert i framtida så risikerer ein at desse verdiane kjem i spel, forklarar han.
(MTB er ei forkorting for maksimal tillatt biomasse, kor mykje fisk som kan vere i eit oppdrettsanlegg, red. merk.)
- Ei markant endring i driftstilhøva, som mellom anna Havbruksmeldinga indikerer, kan gi betydelege utslag i driftsforutsetnadane, både på sektor- og selskapsnivå, seier han.
Publisert: 25.09.2025 05:00
Sist oppdatert: 24.09.2025 18:14






