Finn Arne Egeness Surofi årsmøte 2022 foto Ogne
ENDA MEIR OPTIMIST: Sjømatanalytikar Finn-Arne Egeness i Nordea oppjusterer forventningane til inntektene frå torskefisket. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Spår torskefiske for over 10 milliardar

- Større og større, seier sjømatanalytikar Finn-Arne Egeness om forventningane til inntektene frå torskefisket i år.

04.05.2022

I februar i år anslo Egeness at førstehandsverdien i torskefisket ville nå 9,7 milliard kroner i år, over to milliardar meir enn i fjor.

Etterpå at prisen på torsk stige enda meir enn har trudd, og no anslår Egeness at årets torskefiske kjem til å passer 10 milliardar kroner.

Det er ny rekord. Neste år blir det nedgang.

Kutt i kvotane
I år er det både høge kvotar og gode prisar.

Neste år ligg torskekvotane an til å bli kutta med 30 prosent. Så langt i år er gjennomsnittsprisen omlag 26 kroner kiloen for ein heil torsk (såkalla rund vekt). Neste år kjem den til å passere 30 kroner kiloen anslo Egeness då han presentere sine vurderingar på årsmøtet i Sunnmøre og Romsdal fiskesalslag i dag.

Prisauken vil likevel ikkje vere nok til å hindre at fangstinntektene frå torskefisket neste år. Året i år blir eit rekordår målt i inntekter, og den rekorden vil ikke bli slått i 2023.

Vil betale meir
Det er tre årsaker til prisauken, etter Egeness si vurdering; generell prisauke, produktutvikling og at meir restråstoff blir tatt på land og vidareforedla.

Alt dette har medverka til at eit varig prisauke på torsk, i tillegg til effekten av at restaurantmarknaden har kome tilbake etter koronapandemien.

Publisert: 04.05.2022 13:53

Sist oppdatert: 04.05.2022 15:33

Mer om