Sild innfelt finn arne egeness foto ms tunfisk 11
HØGARE PRIS: Sjømatanalytikar Finn-Arne Egeness (innfellt) fortel at rogna har gjort silda meir verdifull.
Nytt

Sildeprisen den høgste på kring ti år

Verdien på årets fangst av «havets sølv» kan kome opp i nær tre milliardar kroner.

Marius Rosbach
25.02.2021

Denne veka kom dei første fangstane av sild ved gytefelta på Mørekysten, eit fiske med lange tradisjonar som gjerne blir omtala som eit eventyr.

Det siste døgnet har sterk vind gjort at det har vore lite av dei største fangstane, ifølge innmeldingsjournalen til Sildesalgslaget.

Likevel ligg årets fiske an til å gi gode inntekter for fiskeflåten, med prisar til dels godt over nivået dei siste åra.

Førstehandsverdi på nær tre mrd.
Sjømatanalytikar Finn-Arne Egeness i Nordea opplyser til NETT NO at det i augneblinken er stor etterspurnad etter silderogn som pressar prisane på gytesilda til over ni kroner.

– Viss førstehandsprisene hittil i år held fram på same nivå, vil verdien av norsk vårgytande sild vere på nærare tre milliardar norske kroner. Det vil i tilfelle vere det høgste nivået siden 2011 og 2012, fortel Egeness.

MS Tunfisk melde inn årets første fangst ved Buagrunnen fekk dei betalt 8,38 kroner per kilo. Snittprisen på NVG-silda har den siste veka vore ei krone lågare.

(saka held fram under)

Podium

E5/S1 Håvard Sætre og Olav Holst-Dyrnes om Internasjonalt eigarskap

Prisutviklinga snudde i fjor
Silderogna nyttast mellom anna som sushi-topping, spesielt i Asia. Her har den blitt eit viktig alternativ for lodderogn, etter at det har vore stans i dette fiske både i 2019 og 2020.

Sjømatanalytikaren fortel at Russland tidlegare var den viktigaste marknaden for norsk sild, men etterspurnaden fall etter det russiske importforbodet på vestlege matvarer i august 2014.

– Etter fleire år med ein negativ utvikling, auka førstehandsprisen i fjor på grunn av svekka krone, nedgang i kvoter, at meir sild gjekk til filet, høgare pris på fiskemel – og ikkje minst høgare prisar på silderogn, fortel Egeness.

Silda står seg godt i krisetider
Til tross for ei auke i kvota på 24 prosent for NVG-silda, er førstehandsprisen i Norges Sildesalgslag 12 prosent høgare så langt i år, samanlikna med same tid i fjor.

Den førre rekordnoteringa for verdien på sildefangsten blei sett under gjeldskrisa, og Nordea-analytikaren påpeiker at pelagisk fisk nok ein gong klarer seg bra i krisetider.

– Silda klarer seg bra fordi det er ein økonomisk tilgjengeleg proteinkjelde for mange forbrukarar som primært seljast i daglegvarehandelen. Ein svekka hotell- og restaurantmarknad, påverkar difor pelagisk fisk mindre enn torsk og laks, opplyser han.

Publisert: 25.02.2021 05:55

Sist oppdatert: 25.02.2021 07:23

Mer om