Stoe Technology vidare i Naeringsteft
GÅR VIDARE: Dagleg leiar Arne O. Flø i Stø Technology (t.h) saman med medgrundarane Jan Børge Vik og Pål Roaldnes saman med Tore Grelland (til venstre) i Jett Technologies på scener under dagens Næringsteft-arrangement. Selskapa er to av dei i alt ti selskapa som går vidare til seminfinalen i Næringsteft.
Nytt

Stø Technology vidare i Næringsteft

Stø Technology er vidare til seminfinalen i Næringsteft-finalen.

29.11.2019
Stø Technology i Hareid utviklar utstyrt for å hente levande fisk ut av trålposen samstudes som trålinga pågår.
Saman med Jett Technologies frå Frei på Nordmøre er Stø Technology dei to første bedriftene som går vidare til semifinalen i Næringsteft. Kåringa av semifinalistane skjer på ein Næringsteft-konferanse på NMK i dag, der det i løpet av dagen skal kårast til saman ti bedrifter som går vidare til semifinalen.
Næringsteft er ein konkurransen som skal stimulere gründerskap og nyskaping, der førstepremien er ein million kroner i støtte. Tre kandidatar kjem til finalen og nummer to og tre får 200.000 kroner i premie.
Årets arrangement er det andre i rekka. Det er Sparebanken Møre som er arrangør av Næringsteft, i samarbeid med NTNU i Ålesund og kunnskapsparkene ÅKP, ProtoMore og Vindel.
Denne artikkelen blir oppdatert etterkvart som semifinalistane blir klare, rangert etter rekkefølgje semifinalistane blir kunngjort, med namn og stikkord for kva selskapa driv med. To kandidatar blir offentlegjort i slengen, dei siste først seint i ettermiddag.

Her er semifinalistane:


1. Stø Technology, ny trålteknologi
2. Jett Technologies, rensing av inntaksfiltre under vann
3. SwiftVet, app for kjæledyrvetrinær-konsultasjon
4. Flowtru, mikrokraftteknologi
5. Luminell Drone Light, dronelys for redning- og søkeoperasjoner
6. Currence Robotics, vareplukkingsroboter
7. Rauma Autmasjon, håndteringsrobot for industri
8. Roadtech, ny metode for å sette ut brøytestikker
9. CreateView, sensor for måling av fiskehelse
10. Agrilogg, app for loggføring for landbruket

Publisert: 29.11.2019 22:15

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:29