Per Arne Sætre Vatne Møbler foto Ogne
BLEI VIKTIGASTE PRODUKT: Per Arne Sæter og Falcon-stolen under relanseringa på Designer Saturday i 2018. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Stabilt for Vatne

- Vi har hatt eit veldig greit år, seier Per Arne Sæter i Vatne Møbler.

07.05.2021

Sæter er største aksjonær og dagleg leiar i Vatne Møbler, eit selskapet som kombinerer produksjon av eigne møblar med delproduksjon for andre og restaurering.

Sæter var med og starta Vatne Møbler på nytt i 2003, etter at det forsvann ut av soga etter at Stokke-konsernet kjøpte selskapet i 1989.

Etter finanskrisa i 2007/2008 vart heile selskapet lagt på is i eitt år, før Sæter og kompanjongane tok fatt på ny i 2010.

Møbel-ikon
I 2018 relanserte selskapet kvilestolen Falcon, som er blitt selskapets viktigaste einskildprodukt. Stolen blir mellom anna eksportert til Australia, der Vatne Møbler ha sin største kunde.

Falcon-stolen blei ein kommersiell suksess då den kom på marknaden i 1971. I løpet av tre år etter lanseringa hadde dåverande Vatne Møbler auka salet frå rundt 10 til rundt 35 millionar kroner.

Vatne Møbler as
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekter3,23,3
Driftsresultat0,40,5
Resultat før skatt0,40,4

Publisert: 07.05.2021 10:35

Sist oppdatert: 07.05.2021 10:44

Mer om