Det meiner utviklingsnavigatør Svein Gjelseth i Vanylven.
- Dette vert den første norske skikkelege turistfarleia. Stad Skipstunnel vert garantert ein gedigen turistmagnet som vil tiltrekkje minst 100.000 skodelystne kvart år.
- Dette vert eit nytt Nordkapp, minst, når det gjeld turisme.
Også Randi Paulsen Humborstad, prosjektleiar for Stad Skipstunnel i Nordfjord Vekst, melder om stor interesse for tunnelen, lenge før han er ein realitet.
- Interessa vart voldsomt stor etter at Jens Stoltenberg i fjor lova ein milliard kroner i Nasjonal transportplan for skipstunnelen.
- Det har vore ei stor reportasje i britiske BBC, men det har også vore interesse frå fransk og indisk media.
Også ei gruppe med tyske ingeniørar hadde ønskje om å kome på studietur.
- Eg bad dei vente til tunnelen vart bygd, seier ho.
- Berre Marine Harvest har 2000 passeringar rundt Stad i året. Selskapet har siste åra tapt i snitt to millionar kroner grunn av at båtar ikkje har kome seg rundt Stad.
Sjølv om det er løyvd ein milliard kroner i Nasjonal Tranportplan for prosjektet, manglar det framleis pengar til fullfinansiering. Prosjektet ligg heller ikkje inne med byggjestart før i 2018, og opninga av tunnelen kan dermed tidlegast skje i 2022. Det meiner ho vert for lang tid å vente.
- Vi arbeider no for å få framskunde byggjestarten til 2016. Det er ingen grunn til å vente lenger.
- Dette partiet lova i valkampen byggjestart alt i 2014 med full statleg finansiering. Eg har store forventingar til at Frp no kan sørgje for at vi slepp å vente lenge på å stikke spaden i jorda.
- Dette vert den første norske skikkelege turistfarleia. Stad Skipstunnel vert garantert ein gedigen turistmagnet som vil tiltrekkje minst 100.000 skodelystne kvart år.
Undervurdert potensiale
Den tidlegare Stortingsrepresentanten for Ap meiner at turistpotensialet er kraftig undervurdert for skipstunnelen.- Dette vert eit nytt Nordkapp, minst, når det gjeld turisme.
Også Randi Paulsen Humborstad, prosjektleiar for Stad Skipstunnel i Nordfjord Vekst, melder om stor interesse for tunnelen, lenge før han er ein realitet.
- Interessa vart voldsomt stor etter at Jens Stoltenberg i fjor lova ein milliard kroner i Nasjonal transportplan for skipstunnelen.
Utanlandsk media
Under Haugesundkonferansen fortalde ho om stor interesse frå utanlandsk media.- Det har vore ei stor reportasje i britiske BBC, men det har også vore interesse frå fransk og indisk media.
Også ei gruppe med tyske ingeniørar hadde ønskje om å kome på studietur.
- Eg bad dei vente til tunnelen vart bygd, seier ho.
Marine Harvest-tap
Under konferansen gjekk Paulsen Humborstad gjennom alle dei positive faktorane rundt skipstunnelen. Nytt var oppdaterte tal frå oppdrettsselskapet Marine Harvest, som hadde tapt 950.000 kroner i november og desember i fjor på grunn av at båtane med laks ikkje kunne runde Stad og kome seg fram til lakseslakteriet på Eggesbønes.- Berre Marine Harvest har 2000 passeringar rundt Stad i året. Selskapet har siste åra tapt i snitt to millionar kroner grunn av at båtar ikkje har kome seg rundt Stad.
Sjølv om det er løyvd ein milliard kroner i Nasjonal Tranportplan for prosjektet, manglar det framleis pengar til fullfinansiering. Prosjektet ligg heller ikkje inne med byggjestart før i 2018, og opninga av tunnelen kan dermed tidlegast skje i 2022. Det meiner ho vert for lang tid å vente.
- Vi arbeider no for å få framskunde byggjestarten til 2016. Det er ingen grunn til å vente lenger.
Håpar på Frp
Svein Gjelseth er samd. For tunnelen meiner han at det er ein fordel at Frp no er i regjering.- Dette partiet lova i valkampen byggjestart alt i 2014 med full statleg finansiering. Eg har store forventingar til at Frp no kan sørgje for at vi slepp å vente lenge på å stikke spaden i jorda.
Dette vert eit nytt Nordkapp, minst
Publisert: 05.02.2014 10:02
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:31