Screenshot 20211221 192546 Gallery
NY MARKNAD: Forsvaret er blitt ein ny marknad for Stadt. No er selskapet partnar med blant andre Vard-eigar Fincantieri. Illustrasjon:
Nytt

Stadt i forsvarssamarbeid

Blir partnar i utvikling av nye militærfartøy.

21.12.2021

Stadt Naval, ei forretningseining i Stadt i Gjerdsvika i Sande kommune, er partnar i eit felles europeisk prosjekt for å utvikle ein ny korvett, som mellom anna skal kombinere bruk av fossilt drivstoff og batteri. (Ein korvett er eit mindre krigsskip enn ein fregatt).

Konsortiet som skal gjennomføre prosjektet er leia av Vard-eigar Fincantieri, Naval Group og Navantia.

Stad si oppgåve er å utvikle det elektrisk anlegget om bord og systemet for det elektriske framdriftssystemet, ifølgje ei pressemelding.

Stadt har siste åra satsa stort inn mot forsvarsmarknaden, og har levert framdriftsløysingar til fleire militære skip.

Nyleg var også FSi, Forsvars- og sikkerheitsindustriens forening på besøk ved Gjerdsvik-bedrifta.

Nyleg offentlgjorde bedrifta også ein samarbeidsavtale med danske SH Defence om ein ny måte å modularisere energi- og framdriftsystem på sivile og militære skip på.

Publisert: 21.12.2021 17:32

Sist oppdatert: 21.12.2021 19:57

Mer om