STADT and The CUBE
THE CUBE: Danske SH Defence står bak modulsystemet The Cube. No inngår selskapet samarbeid med Stadt i Gjerdsvika. Skisse: Stadt
Nytt

Viktig samarbeidsavtale for Stadt

Gjerdsvik-bedrift inngår samarbeid med danske SH Defence. Trur på nye forsvarskontraktar.

02.12.2021

Stadt i Gjerdsvika har inngått samarbeidsavtale med SH Defence om ein ny måte å modularisere energi- og framdriftssystem på sivile og militære skip på.

- Det er stor interesse for dette internasjonalt, og Stadt ser på dette som ein viktig brikke i mange nye prosjekt framover.

Det seier dagleg leiar Hallvard Slettevoll.

Kan flytte modulane
Han opplyser at det vert stor friheit på kva ein har inn i desse modulane, alt i frå energikjelder, til redningsutstyr, livbåtar, batteri og generatorar.

- SH Defence har eit transportsystem som flyttar modulane internt i skipet. Og om nødvendig køyrer dei ut over skutesida og over til kai for utskifting, seier Slettevoll.

Stadt Naval
STADT: Besøk hos Stadt i Gjerdsvika av FSi , Forsvars- og sikkerhetsindustriens forening - si årlege strategisamling. Foto: Stadt

Forsvarssatsing
Stadt har siste åra satsa stort inn mot forsvarsmarknaden, og har levert framdriftsløysingar til fleire militære skip.

Nyleg var også FSi, Forsvars- og sikkerheitsindutsriens forening på besøk ved Gjerdsvik-bedrifta.

Danske SH Defence vart etablert i 1976, har 360 tilsette og har levert løysingar til militære skip i mange land.

No har selskapet skrive samarbeidsavtale med Stadt om å integrere teknologien dei to selskapa har utvikla.

The Cube
I ei pressemelding opplyser dei to selskapa at med sitt patenterte og innovative framdriftssystem Stadt lean Proulsion kan Stadt tilfredsstille miljøkrav og forsyne både militære og sivile skip med nullutsleppsløysingar.

Begge selskapa meiner at auka satsing på faste modular vert viktig for framtidige skip, og der SH Defence står bak satsinga på modulsystemet The Cube.

Både Stadt og SH Defence er med i eit EU-støtta prosjekt for utvikling av nye militærskip.

Publisert: 02.12.2021 08:41

Sist oppdatert: 02.12.2021 10:33

Mer om