Marjata foto kjetil Jil Yngland NTB NPK 11
SPIONSKIP: Forsvarets nye etterretningsskip Marjata som blei bygd ved Vard Langsten, er blant skipa som får vedlikehald av Bergen Engines. Justis- og beredskapsminister Monica Mæland (H) stansar no salet. Foto: Kjetil Haanes/Jil Yngland-NTB-NPK
Nytt

Stansar salet av Bergen Engines

Fleire parti meiner regjeringa har brukt for lang tid før dei sette ned foten.

23.03.2021

(NPK-NTB): Regjeringa stansar det omstridde salet av motorfabrikken Bergen Engines til eit russiskkontrollert selskap, varslar justisminister Monica Mæland (H).

– Eit sal ville ha styrkt russiske militære kapabiliteter på ein måte som klart ville vore i strid med norske og allierte tryggingspolitiske interesser, sa Mæland då ho gjorde greie for saka i Stortinget tysdag.

Opposisjonen har vore kritisk til regjeringa si handtering av saka. Dei russiske kjøparane i TMH International har nær tilknyting til den politiske eliten og militæret i Russland, ifølgje seniorforskar Kalev Stoicescu ved ICDS Tallinn, som har uttalt seg til TV 2 om saka.

– Tryggjande
No er fleire av partia letta over at regjeringa har vedteke å stanse salet av motorfabrikken Bergen Engines.

– Det er tryggjande at regjeringa stoppar salet. Nasjonale tryggingsinteresser ville vorte trua ved eit eventuelt sal, seier Høgres forsvarspolitiske talsmann Hårek Elvenes til NTB.

Han trur det neppe er siste gong Russland vil vise interesse for norske høgteknologiske bedrifter.

– Sikkerheitslova viser seg effektiv for å avdekkje og forhindre sal av verksemder som ikkje må komme i hendene til land Noreg ikkje har tryggingssamarbeid med, seier han.

Frp: Regjeringa har forsømt seg
Frps Christian Tybring-Gjedde seier han er glad for at regjeringa har snudd.

– Det viser at Stortingets rolle som vaktbikkje har fungert. Men regjeringa har forsømt si aller viktigaste rolle. Det i seg sjølv er svært dramatisk. At regjeringa har brukt fire månader på vurderinga, er eit faresignal, meiner han.

Raudt-leiar Bjørnar Moxnes meiner det var på høg tid at salet vart stansa.

– Regjeringa burde gjort dette for lenge sidan. No fryktar eg at den klønete handteringa og uthalinga av saka no truar Bergen Engines' vidare eksistens, seier han og påpeikar at motorfabrikken er Noregs einaste i sitt slag.

– Det er snakk om 750 verdifulle industriarbeidsplassar og eit unikt kompetansemiljø Noreg er avhengig av, seier han.

MDG: – Ikkje trygg
MDG meiner på si side at regjeringa har slept beina etter seg i saka.

– Eg føler meg på ingen måte trygg på at dei har gode nok rutinar for å følgje med på nye tryggingsrisikoar. Dersom ikkje pressa og ein kritisk opposisjon hadde teke opp denne saka, er eg redd for at Noreg kunne enda opp med å forære russarane sensitiv informasjon, seier nestleiar Arild Hermstad.

(©NPK)

Publisert: 23.03.2021 10:30

Sist oppdatert: 23.03.2021 11:03

Mer om