Marjata foto kjetil Jil Yngland NTB NPK 11
SPIONSKIP: Forsvarets nye etterretningsskip Marjata er blant skipa som får vedlikehald av Bergen Engines. Justis- og beredskapsminister Monica Mæland (H) opnar for å stanse salet. Foto: Kjetil Haanes/Jil Yngland-NTB-NPK
Nytt

Ingen sjølvkritikk om Bergen Engines-salet

Opposisjonen meiner regjeringa har sove i timen.

09.03.2021

(NPK-NTB-Steinar Schjetne og Anne Marjatta Gøystdal): – Nei, eg veit ikkje heilt kva det skulle vere, seier forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H) til NTB på spørsmål om han ser grunn til sjølvkritikk eller kunne ha handtert salet av Bergen Engines annleis.

Salet av Bergen Engines til russiske TMH Group kan bli stansa etter at regjeringa har vurdert at det er stor uvisse knytt til nasjonale tryggingsinteresser.

Sett på vent
Prosessen blir sett på vent, kunngjorde justisminister Monica Mæland (H) tysdag.

– Dette er ei veldig alvorleg avgjerd som vi knapt har tilsvarande døme på frå tidlegare, sa Mæland etter å ha hasteinnkalla til ein pressekonferanse i vandrehallen på Stortinget.

I klartekst ser regjeringa no etter grunnlag for og moglegheit til å bruke sikkerheitslova til å stanse salet.

Vil ikkje svare
Frå opposisjonen blir det stilt spørsmål om salet vart overlate til Næringsdepartementet, og at det tok altfor lang tid før tryggingsaspektet vart fanga opp. Mæland avviser kritikken, men nektar å svare på ei rekkje spørsmål om handteringa:

  • Når saka vart behandla i tryggingsutvalet til regjeringa.
  • Når ho sjølv fekk kjennskap til saka og vurderte ho.
  • Om det har komme påtrykk eller førespurnader frå Noregs allierte om salet.
  • Når det vart vurdert å bruke sikkerheitslova for å stanse salet.

Mæland nøyer seg med å seie at fire departement – UD, Næringsdepartementet, Forsvarsdepartementet og Justisdepartementet – har vore kjent med saka sidan midten av desember og har vore involvert i prosessen.

Fryktar skaden er skjedd
Opposisjonen er svært lite imponert om handteringa til regjeringa av saka så langt og den handlekrafta – eller tilsynelatande mangel på det – ho har vist.

Christian Tybring-Gjedde i Framstegspartiet fryktar skaden allereie er skjedd i samband med den grundige selskapsgjennomgåinga kjøpar og seljar gjer i forkant av slike overdragingar.

– Det viktige no er å finne ut av kva slags teknologi som allereie er overført til Russland i samband med due diligence, seier Tybring-Gjedde, som slår fast at regjeringa ikkje har hatt kontroll på denne saka.

Monica Mæland avviser at Russland kan ha fått tilgang til sensitiv informasjon.

– Absolutt ikkje. Det er heller ikkje slik at ein situasjon som dette vil opne vegen til at russarane skal få informasjon dei ikkje skal ha. Det har aldri vore eit spørsmål, seier ho.

Vedlikehald for Sjøforsvaret
Bergen Engines har det norske Sjøforsvaret som ein av sine viktigaste kundar og har kontrakt for vedlikehald av ei rekkje av skipa deira, mellom dei E-tenestas spionskip FS Marjata.

Dei russiske kjøparane i TMH International har nær tilknyting til den politiske eliten og militæret i Russland, ifølgje seniorforskar Kalev Stoicescu ved ICDS Tallinn, som uttalte seg til TV 2 førre veke.

I opposisjonen blir det varsla etterspel, og det er venta at Bakke-Jensen skal gjere greie for saka for Stortinget før påske.

Senterpartiets Emilie Enger Mehl seier regjeringa har svikta norske tryggingsinteresser og utvist «total mangel på kontroll», sjølv om Politiets tryggingsteneste (PST) i den siste trusselvurderinga si åtvara mot tryggingstruslar ved utanlandske oppkjøp. Det er ei oppfatning Arbeidarpartiet delar.

– Det er heilt utruleg at det ikkje har vore ein plan om korleis ein handterer moglege strategiske oppkjøp og investeringar opp mot sikkerheitslova og tryggingsvurderingane, seier Jette Christensen.

– Ansvarspulverisering
Raudt vil vite kva Bakke-Jensen faktisk har gjort for å hindre eit sal som svekkjer Noregs tryggleik i perioden etter at saka vart kjend for regjeringa i fjor og fram til det vart eit tema i media. SV varslar òg at dei vil følgje opp arbeid med sikkerheitslova tett framover.

– Det verkar for meg som regjeringa nærast har vore i dvale, og no har vakna i panikk. Eg er svært bekymra over det som ser ut som systematisk ansvarspulverisering, og at nasjonale interesser fell mellom fleire stolar, seier SV-leiar Audun Lysbakken.

Publisert: 09.03.2021 13:52

Sist oppdatert: 09.03.2021 14:07

Mer om