Starta i Asia enda i Ulsteinvik
OSLO: Helge Otto Mathisen i Color Line er glad for at den siste ferjekontrakten enda hos Ulstein Verft.
Nytt

Starta i Asia - enda i Ulsteinvik

Då Color Line skulle byggje si første hybridferje starta ein å leite etter verft i Asia. Til slutt stod det mellom to verft i Ulsteinvik.

05.05.2017
- Vi starta i Asia, gjekk vidare til Europa og enda til slutt med to verft på Sunnmøre; nemleg Kleven Verft og Ulstein Verft.
Dette fastslo Helge Otto Mathisen, konserndirektør kommunikasjon og samfunnskontakt i Color Line, under ein konferanse om maritim nullutsleppsteknologi i Oslo torsdag.
Milliardkontrakten på den 160 meter lange hybridferja gjekk til Ulstein.
- Det var ikkje stor skilnad på dei to sunnmørsverfta, men vi landa etter ei totalvurdering på Ulstein, seier Mathisen.
Les her:

- Svært gledeleg

Til NETT NO seier han at ein først kontakta dei verfta som Color Line har bygt ferjer hos før.
- Ingen av desse hadde kapasitet.
Deretter undersøkte ein ved andre verft i Asia, før turen gjekk vidare til Europa.
- Men vi enda opp i Ulsteinvik. Det var svært gledeleg, seier Mathisen.

Kvalitet og leveringstid

Han seier at både Kleven og Ulstein var konkurransedyktige på pris.
- Det som var avgjerande var kvalitet og leveringspresisjon. I tillegg får vi gjennom Ulstein stor nytte av selskapet si utviklingsavdeling.
Color Line Hybrid skal i 2019 inn på ruta mellom Sandefjord og Strømstad.

Ein time på batteri

Målet er at ein skal gå inntil ein time inn og ut Sandefjordsfjorden på batteri.
- Vi kan også gå på vanleg bunkersolje, men gjennom ny reinseteknologi vert det ikkje forureinane utslepp frå denne bunkersen.
Den nye ferja skal kunne ta 500 bilar og 2000 passasjerar.

Stor aktør

I dag fraktar Color Line sine skip 24 prosent av all gods som passerer grensa mellom Sverige og Norge.
Mathisen såg for seg store mulegheiter for miljøvenleg godstransport til sjøs.
- Her ønskjer vi å vere i front.
Det var ikkje stor skilnad på dei to sunnmørsverfta, men vi landa på Ulstein

Publisert: 05.05.2017 10:32

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:09