Roger Hofseth foto Ogne
TESTING: Hofseth Biocare-sjef og storaksjonær Roger Hofseth aukar innsatsen for å vinne innpass i helse- og legemiddelmarknaden. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Starta medisinsk testavdeling

Hofseth Biocare skal teste helseeffektar i Ålesund.

27.08.2021

To legar, to sjukepleiarar og ein fysioterapeut et tilsett ved Hofseth Biocare-hovudkontoret i løpet av andre kvartal i år. Dei utgjer ei eiga avdeling i selskapet.

Det skriv selskapet i kvartalsrapporten for 2. kvartal.

Les børsmelding her

Jobben er mellom anna å gjennomføre innleiande forsøk for å kartlegge eventuelle helseeffektar av produkt og ingrediensar frå Hofseth Biocare. Hofseth Biocare tek i mot og vidareforedlar avskjær og anna restråstoff frå lakseslakteri.

Siktar mot legemiddelmarknaden
Produkta blir ingrediensar i kjærdyrfôr, helsekost og potensielt også medisinske produkt.
Dei siste åra har Hofseth Biocare gradvis auka satsinga på å utvikle produkt med dokumenterbar helseeffekt, både inn mot helsekostmarknaden med og mot legemiddelmarknaden.

Kostbar satsing
Så langt har Hofseth Biocare levert ei lang rekke med underskot.

Satsinga har kosta, og også reknskapet for 2. kvartal og 1. halvår i år viser tosifra millionunderskot (sjå tabell).

Hofseth har imidlertid trua.

- Det er ikkje unormalt ute i verda å bruke ti år på å bygge opp noko som har stort potensiale, sa Roger Hofseth til NETT NO i fjor haust.

Les også

Hofseth Biocare ASA
2. kvartal. I mill. kroner20212020
Driftsinntekt31,020,1
Driftsresultat-22,8-17,8
Resultat før skatt-24,6-20,3
Hofseth Biocare ASA
1. halvår. I mill. kroner20212020
Driftsinntekt47,938,6
Driftsresultat-47,8-33,8
Resultat før skatt-51,5-38,2

Publisert: 27.08.2021 09:35

Sist oppdatert: 27.08.2021 09:35

Mer om