Roger Hofseth 2020 foto Ogne
AVTALE: Viktig avtale for Roger Hofseth og Hofseth Biocare med amerikanske Catalent. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Hofseth-samarbeid med verdsleiande farmasiselskap

Skal blant anna forske på fiskeoljens effekt på Covid-19-pasientar.

12.05.2021

Hofseth Biocare inngår samarbeid med Catalent, som er eit verdsleiande farmasiselskap med ei årleg omsetning på rundt 30 milliardar kroner. Det melder Hofseth Biocare i ei børsmelding onsdag.

Catalent har hovudkontoret i Somerset, New Jersey, og har rundt 15.000 tilsette, inkludert 2.400 forskarar og teknikarar.

Ny innkapslingsmetode
No skal Catalent samarbeide med Ålesund-baserte Hofseth Biocare, blant anna ved å utvikle fiskeolje som vil bli kapsla utan å tape seg.

Hofseth Biocare opplyser at Catalent har utvikla ein ny teknologi som gjer det mogleg å kapsle inn fiskeoljen Omego frå Hofseth Biocare utan oppvarming eller tørking.

Det pågår no forsking på fiskeoljens effekt mot sjukdom og betennelsar, blant anna ein studie av effekten på Covid19-pasientar.

Den nye innkapslingsmetoden kan dermed gjere fiskeoljeproduktet frå Hofseth Biocare meir attraktiv i den globale helse- og farmasimarknaden.

Kjem raskt med resultat
Resultata av undersøkelsane vil verte presenterte i dei komande månadene om kva effekt fiskeoljen har for å hindre betennelse som følgje av virusinfeksjonar.

Bomi Framroze, sjefsforskar hos Hofseth Biocare viser i børsmeldinga til at selskapet i løpet av dei siste 18 månadene har kome langt i forskinga rundt helseeffekter av fiskeoljen.

- Vi ser fram til samarbeidet med Catalent, og håper å utvikle partnerskapet vidare, seier han.

Catalent er inne i ei rekke selskap innanfor legemidlar, helseprodukt og andre biologiske produkt.

Les meir om selskapet her.

Publisert: 12.05.2021 09:03

Sist oppdatert: 12.05.2021 09:45

Mer om