Det er neste drivar, Ivar Børge Seljeset som står for planlegging og den formelle delen av satsinga.
Planen er å produsere drikkemjølk, fløyte, rømme og yoghurt i meieriet, med eiga mjølk frå garden og under varemerket Seljeset Gard.
Ideen til etableringa kom opp i samband med at familien allereie er i gang med å bygge eit biogassanlegg på garden og var på jakt etter å utnytte den energien biogassanlegget produserer, heime på garden. Der er meieriet eitt av svara, og det vil på sikt også gi låge produksjonskostnadar, tryggleik og beredeskap for oss sjølve seier Seljeset. Anlegget er vil gjere meieriet uavhengig av energi utenfrå.
Målet er å ha biogassanlegget i drift i april i år.
Tidleg ute
Seljeset er ikkje først, men det er lite etablering av gardsmeieri på Nordvestlandet. På Nordmøre har Tingvollost etablerte seg som ein internasjonalt kjent osteprodusent, og Skarbø Gard på Stranda produsere også eigen ost.
Slik Seljeseth og familien ser det er det rom for ein nytt gardsmeieri i Hornindal.
– Vi ser at det er stor interess blant folk for dette, seier Seljeset.
Ikkje konkurrent
Meierianlegget Seljeset planlegg skal produsere frå eiga mjølk, men blir bygd med ein større kapasitetet.
Eigen produksjon er 460.000 liter mjølk i året, og tanken er å bruke pluss/minus 100.000 liter til gardsmeieriet.
Anlegget kan brukast til å produsere til dømes juice frå frukt og bær, og med litt modifikasjoner og også auka produksjon av mjølkeprodukt. Men Seljeset understrekar at garden skal halde fram som leverandør til meierikonsernet Tine og berre skal bruke ein del av eigen mjølkeproduksjon.
– Dette blir ei tilleggsbedrift med ansatte for drift, der ein kan skape arbeidsplasser, lokale ringvirkninger og eit større utval av lokale og berekraftige produkter, seier Ivar Børge Seljeset i ein epost til Nett No.
Publisert: 19.01.2026 11:25
Sist oppdatert: 19.01.2026 11:25






