Magne J Krumsvik Trine Aas Risvik Robin Rokke Foto Oystein Eik
NY AVIS: Frå venstre: Redaktør Magne J. Krumsvik, redaksjonsleiar Trine Aas-Risvik og styreleiar Robin Røkke. Foto: Øystein Eik
Nytt

Startar ny avis i Molde

Lokalt mediekonsern satsar vidare i Romsdal.

Marius Rosbach
09.03.2026

Tvisyn media AS utvidar no satsinga si i Molde kommune. Den nye lokalavisa Moldefjord, ifølgje ei pressemelding. 

Det er snakk om ei nettavis for Skåla, Bolsøya og Sekken, med mål om å styrkje det lokale ordskiftet og informere om både stort og smått i nærmiljøet. Det er det lokaleigde mediekonsernet Tvisyn med Robin Røkke, som står bak avisa. 

Røkke uttaler at etableringa følgjer ein modell selskapet har god tru på, med å gå inn i geografiske område i utkanten av dei større byane.

Magne J. Krumsvik som er ansvarleg redaktør for nysatsinga som ifølgje eigarane skal vere «tett på livet på øyane og fastlandet». Han er frå før redaktør i lokalavisa Midsundingen, ei anna av Tvisyn sine aviser.

Konsernet opplyser samtidig at alle som tingar Moldefjord, også vil få tilgang til Midsundingen – og omvendt.

Trine Risvik er tilsett som redaksjonsleiar med delegert redaktøransvar for den nye avisa Moldefjord.

Ho har brei erfaring frå lokaljournalistikken, mellom anna som redaksjonsleiar i Vestnesavisa og som journalist i Haramsnytt og Vikingposten i Spania, opplyser selskapet. 

Publisert: 09.03.2026 10:52

Sist oppdatert: 09.03.2026 10:52

Mer om