Startar salsframstøyt med daglegvarerobot
Sula-bedrift har laga robot som sorterer pallar i høgt tempo. No visar dei fram nyvinninga og startar salet.
Currence Robotics viser no fram nyvinninga som skal forenkle og effektivisere arbeidet med å sortere pallar i daglegvarebransjen.
Sjefen for Sula-bedrifta fortel at dei no er sett i gong med å selje inn sorteringsroboten med namnet «Sort» både i Norge og utlandet.
– Vi har dialog med fem kundar no, og reknar med å lande nokre av dei. Vi vil ha ei gradvis oppskalering, så sjølv om ambisjonane er store, må vi lære å krabbe før vi kan gå – og deretter springe, fortel dagleg leiar Torbjørn Krogen til NETT NO.
Sorterer opptil 500 pallar i timen
Roboten «Sort» består av ei gripeordning, eit kamera og ei høgreist skinne som roboten bevegar seg langsmed. Slik kan den sortere 300-500 pallar i timen gjennom heile døgnet.
Å gjere slik arbeid manuelt er både tungt, einsformig og tek tid. Løysinga frå Currence Robotics er også meint å redusere arbeidsbelastinga og sjukefråvær.
– Vi har starta med daglegvaremarknaden, men den er eigentleg ganske snever. Det finst mange andre lager og logistikkverksemder, og vi er spente på kva andre behov som finst. Både i matindustrien og andre produksjonsbedrifter er det mange som nyttar store volum med pallar, påpeiker Krogen.
Siktar internasjonalt
I fjor leverte Currence Robotics sin første plukkrobot kalla «grab» til daglegvarekonsernet Asko. Den er ifølgje Krogen teke i bruk med suksess i Trondheim.
Han har ikkje lagt skjul på at dei har høge ambisjonar på sikt.
– Via selskapet Driw som skal vere salsselskap, skal fire tilsette ved eit kontor i Oslo mellom anna sette inn trykket i den svenske marknaden, fortel Krogen som også sikter mot ein breiare internasjonal marknad.
Han viser til at det er mykje kunnskap både om logistikk, automasjon og robotisering i distriktet. Krogen ser føre seg eit større selskap lokalisert på Sunnmøre som kan lage og selje slike automatiserte løysingar.
– Eg vil ikkje love gull og grøne skogar, men målet er å skape ei klynge, eller større bedrift som leverer teknologi og logistikkløysingar med utgangspunkt i dei miljøa vi har i regionen, seier han.
Vil ha lokal produksjon
Selskapet har nytta lokale bedrifter til å lage delar til roboten og Krogen trur på å halde produksjonsmiljøet lokalt. Frå før har H.I Giørtz testa ein pilotutgåve av «Sort», og Sula-grossistane har også vore med å utvikle løysinga.
– Produksjon og samanstilling ser vi føre oss å ha her. Vi meiner det er viktig at dei som har vore med å lage løysinga, også er med for å teste og utvikle den vidare, seier han.
Currence Robotics blei etablert i 2016 og har no 23 tilsette – fem fleire enn i sommar. I tillegg til Sula-avdelinga, har dei kontor i Trondheim.
Les også: Leverer sin første daglegvarerobot
Vil serieprodusere roboter for dagligvarebransjen
Eg vil ikkje love gull og grøne skogar, men målet er å skape ei klynge, eller større bedrift som leverer teknologi og logistikkløysingar med utgangspunkt i dei miljøa vi har i regionen
Publisert: 11.01.2021 19:26
Sist oppdatert: 10.05.2021 08:23