Venstre sin næringspolitiske talsperson, Alfred Bjørlo, reagerer på at finansdepartementet vil avvise søksmålet frå Lars Oscar Øvstegard og andre norske småbedriftseigarar.
Ørstingen vil som kjent saksøke den norske staten for å få fjerna formuesskatten på arbeidande kapital.
Nett No omtala måndag svaret frå departementet, som mellom anna argumenterer med at saka ««mangler rettslig interesse».
– Eg blir skikkeleg opprørt på vegne av Lars Oscar Øvstegard og andre norske småbedriftseigarar som må betale skattar for pengar dei ikkje har og som utanlandske eigarar slepp – og no på toppen av alt blir forsøkt nekta av Finansminister Jens Stoltenberg (Ap) å prøve saka rettsleg. Slik kan vi ikkje ha det. Staten må slutte å overkøyre dei små, seier Bjørlo i ei pressemelding frå partiet.
Tek opp saka i Stortinget
Bjørlo tek no saka opp i Stortinget der han vil utfordre finansminister Jens Stoltenberg om formuesskatten - og svaret frå departementet.
– Jens Stoltenberg har nettopp advart i svar til Stortinget om at formuesskatten ikkje bør innførast for utanlandske eigarar, fordi den kan «skade investeringer og kapitalflyt». Men den same Stoltenberg meiner altså at det er heilt greitt å pålegge denne skatten på norske eigarar, påpeiker Bjørlo.
I eit skriftleg spørsmål til finansministeren i Stortinget, vil Bjørlo vite korleis Stoltenberg forsvarar dette.
Ber regjeringa sleppe til søksmålet
Vidare skriv venstrepolitikaren at han meiner det verste, er at staten vil forsøke å nekte søksmålet tilgang til retten.
Bjørlo oppmodar regjeringa til å sleppe til søksmålet «utan at eit kobbel av juristar i Stoltenberg sitt mektige departement skal prøve å stoppe det».
Søkmålvarslet blei sendt til departementet i mars, av advokat Jan Magne Langseth som i vinter slutta seg til det juridiske teamet Øvstegård har på si side.
Langseth som tidlegare har ført den mykje omtala Nav-saka i retten, meiner svaret frå departementet et eit nytt døme på at staten prøver å hindre «den lille mann i å gå til sak mot staten».
Ettersom Øvstegård er busett i Ørsta, vil søksmålet bli lagt til Møre og Romsdal tingrett.
Publisert: 10.04.2025 10:28
Sist oppdatert: 10.04.2025 10:48






