(NPK-NTB-Hans Cosson-Eide): Måndag kunngjorde japanske Mitsubishi Corporation at dei byr 96 kroner per aksje for alle aksjane i Cermaq. Dersom Mitsubishi, eller andre, kjøper statens eigardel på 59,2 prosent i lakseselskapet, er det slutt på statleg eigarskap i norsk oppdrettsnæring.
– Regjeringas ambisjon er å redusere det statlege eigarskapet. Her har det komme eit konkret bod på eitt av selskapa der staten er ein stor, men ikkje nødvendig langsiktig eigar, seier Mæland til NTB.
I førre veke sa regjeringa at ho førebur eit offentleg nedsal og børsnotering av eigedomsselskapet Entra, som staten i dag er einaste eigar av.
Også Baneservice, Flytoget, Mesta og SAS står på lista over selskap næringsminister Monica Mæland (H) vil ha staten ut av.
Det at aksjen blir omsett for ein høgare pris enn bodet frå Mitsubishi, tyder på at marknaden trur prisen vil stige ytterlegare.
Nærings- og fiskeridepartementet seier dei held døra open for andre som ønskjer å by over Mitsubishi i tilbodsperioden.
Analytikar Alexander Auker i DNB Markets seier til at han trur Marine Harvest, Salmar og Lerøy kan vere interessert i å overby Mitsubishi.
– Det er ein stor tabbe for Noreg. Cermaq er eitt av dei fremste selskapa i verda innan ei næring som kan bli den viktigaste næringsverksemda for Noreg i framtida, seier Fylkesnes til NTB.
– No risikerer vi at hovudkontoret forsvinn ut av landet, og vi kan ikkje lenger drive offentleg styring av utviklinga av Cermaq. I verste fall kan det gå ut over mindre aktørar, fordi ein kan få ein aktør som ikkje først og fremst har hovudinteresser i å utvikle Noreg, seier han.
Regjeringa Stoltenberg valde i fjor å takke nei til eit bod frå Marine Harvest og heller kjøpe fleire aksjar i Cermaq.
– Den økonomiske utviklinga i selskapet det siste året har vist at det var rett av staten å ikkje akseptere bodet frå Marine Harvest. Per april i år var selskapet verdt 800 millionar kroner meir enn det Marine Harvest var villig til å betale eit år tidlegare, seier Else-May Botten i Ap til NTB.
– Cermaq har vore ein god investering for staten som eigar. Like fullt trur eg selskapet vil fortsette å skape verdiar til det norske fellesskap i form av blant anna arbeidsplassar, kompetanseutvikling og skattekroner i oversynleg framtid, seier Mæland.
– Ein ny eigar av Cermaq med ein sterk posisjon i framveksande økonomiar kan bidra til å utvikle nye marknader for både Cermaq og kanskje også for den norske oppdrettsnæringa som heilskap, utdjupar ho.
– Vi er glade for at Mitsubishi ønskjer å vareta dagens struktur og lokasjon for Cermaq. Det er ikkje planlagt oppseiingar i samband med overtakinga, sa styreleiar Rebekka Glasser Herlofsen under ein pressekonferanse med Mitsubishi i Oslo måndag.
Mitsubishi har over 60.000 tilsette innanfor bank og finans, energi, maskineri, kjemikaliar og matindustri over store delar av verda. Selskapet driv alt lakseoppdrett i Chile, Thailand og Vietnam. (©NPK)
– Regjeringas ambisjon er å redusere det statlege eigarskapet. Her har det komme eit konkret bod på eitt av selskapa der staten er ein stor, men ikkje nødvendig langsiktig eigar, seier Mæland til NTB.
I førre veke sa regjeringa at ho førebur eit offentleg nedsal og børsnotering av eigedomsselskapet Entra, som staten i dag er einaste eigar av.
Også Baneservice, Flytoget, Mesta og SAS står på lista over selskap næringsminister Monica Mæland (H) vil ha staten ut av.
Kan komme fleire bod
Bodet frå Mitsubishi er på 96 kroner per aksje. Nyheita sette fart i omsetninga av Cermaq-aksjen på Oslo Børs måndag morgon. Ved 11-tida var aksjekursen oppe i 97,25 kroner og aksjen var den nest mest omsette på hovudindeksen.Det at aksjen blir omsett for ein høgare pris enn bodet frå Mitsubishi, tyder på at marknaden trur prisen vil stige ytterlegare.
Nærings- og fiskeridepartementet seier dei held døra open for andre som ønskjer å by over Mitsubishi i tilbodsperioden.
Analytikar Alexander Auker i DNB Markets seier til at han trur Marine Harvest, Salmar og Lerøy kan vere interessert i å overby Mitsubishi.
– Ein tabbe
Torgeir Knag Fylkesnes (SV) seier at å selje Cermaq vil vere som då Finland selde seg ut av Nokia.– Det er ein stor tabbe for Noreg. Cermaq er eitt av dei fremste selskapa i verda innan ei næring som kan bli den viktigaste næringsverksemda for Noreg i framtida, seier Fylkesnes til NTB.
– No risikerer vi at hovudkontoret forsvinn ut av landet, og vi kan ikkje lenger drive offentleg styring av utviklinga av Cermaq. I verste fall kan det gå ut over mindre aktørar, fordi ein kan få ein aktør som ikkje først og fremst har hovudinteresser i å utvikle Noreg, seier han.
Regjeringa Stoltenberg valde i fjor å takke nei til eit bod frå Marine Harvest og heller kjøpe fleire aksjar i Cermaq.
– Den økonomiske utviklinga i selskapet det siste året har vist at det var rett av staten å ikkje akseptere bodet frå Marine Harvest. Per april i år var selskapet verdt 800 millionar kroner meir enn det Marine Harvest var villig til å betale eit år tidlegare, seier Else-May Botten i Ap til NTB.
– Vil skape verdiar
Statsråd Mæland meiner bodet frå Mitsubishi viser at norsk oppdrettsnæring blir oppfatta som ein spennande sektor utanfor våre landegrenser. Ho er likevel ikkje redd for å gå glipp av oppdrettsgevinsten ved å selje seg ut.– Cermaq har vore ein god investering for staten som eigar. Like fullt trur eg selskapet vil fortsette å skape verdiar til det norske fellesskap i form av blant anna arbeidsplassar, kompetanseutvikling og skattekroner i oversynleg framtid, seier Mæland.
– Ein ny eigar av Cermaq med ein sterk posisjon i framveksande økonomiar kan bidra til å utvikle nye marknader for både Cermaq og kanskje også for den norske oppdrettsnæringa som heilskap, utdjupar ho.
Nest størst i verda
Ifølgje selskapa vil Mitsubishi bli det nest største lakseoppdrettsselskapet i verda, dersom dei kjøper det norske selskapet. Cermaq skal etter planen få ein nøkkelrolle i Mitsubishis oppdrettsverksemd.– Vi er glade for at Mitsubishi ønskjer å vareta dagens struktur og lokasjon for Cermaq. Det er ikkje planlagt oppseiingar i samband med overtakinga, sa styreleiar Rebekka Glasser Herlofsen under ein pressekonferanse med Mitsubishi i Oslo måndag.
Mitsubishi har over 60.000 tilsette innanfor bank og finans, energi, maskineri, kjemikaliar og matindustri over store delar av verda. Selskapet driv alt lakseoppdrett i Chile, Thailand og Vietnam. (©NPK)
Regjeringas ambisjon er å redusere det statlege eigarskapet
Publisert: 22.09.2014 14:41
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:38