Bjørnar Selnes Skjæran foto Ogne
GULROT: Staten skal ta ekstrarekninga når fylkeskommunane bestiller meir miljøvenlege ferjer og hurtigbåtar fortel Fiskeri.- og havminister Bjørnar Selnes Skjæran. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Staten tek rekninga for tøffare utsleppskrav

Staten skal dekkje ekstrakostnadane fylka får når utsleppskrava til ferjer og hurtigbåtar blir strengare.

02.11.2021

Fiskeri- og havminister Bjørnar Selnes Skjæran har høge forventningar til sysselsetting- og verdiskapingseffekten av omlegginga vekk frå bruk av fossilt drivstoff til sjøs.

Eitt verkemiddel for å få det til er å skjerpe krava til utslepp frå ferje- og hurtigbåttrafikkene.

Får 2023 kan det berre bestillast ferjer som er heilt utsleppsfrie, og frå 2025 er kravet at nye hurtigbåtar må vere utsleppfrie eller ha låge utslepp. Ekstrakostnaden fylkeskommunen får med å oppfylle desse krava skal staten dekkje, fortalde Skjæran i innleiinga si på Verftskonferansen i Ålesund i dag.

Vil ha statlege pengar
Tidlegare i år varsla Vestland fylkeskommune at den ville ha heilt- eller delvis utsleppsfrie hurtigbåtar mellomn Sogn og Fjordane og Bergen, men berre dersom staten tok ein stor del av rekninga.

Fylkeskommunen anslår at ekstrakostnaden er mellom 78 og 118 millionar kroner i året samanlikna med i dag. I tillegg rekna den med kostnader knytt til infrastruktur (som f.eks. ladeaanlegg, kraftkablar og kaier) på mellom 175 og 226 millionar kroner, etter støtte frå Enova.

I september i år stoppa Vestland fylkeskommune anbodsprosessen fordi den ikkje fekk støtte til å bygge ladestasjonar.

Geirangerferje på vent

I Møre og Romsdal er anbodsprosesse på ferja Geiranger-Hellesylt utsett tidlegare i år, til 2025.

Når den strekninga blir lagt ut på anbod vil det vere krav om nullutslepp, samstundes som det vil følgje med pengar frå staten som skal dekkje ekstrakostnadane med å få ei nullutsleppsferje samanlikna med ei tradisjonell dieseldriven ferje.

I Møre og Romsdal auka ferjekostnadane med over 60 millionar kroner i 2020, mykje på grunn av at fylket sine krav om reduserte utslepp.

Publisert: 02.11.2021 12:43

Sist oppdatert: 04.11.2021 12:31

Mer om