NTB lv WHBBYD Gz E
FÅR MILLIARDTILBOD: Statens forhandlingsleiar Viil Søyland (t.v.) kjem med eit tilbod på 10,15 milliardar kroner til Norges Bondelag ved Bjørn Gimming og Norsk Bonde- og Småbrukarlag ved Kjersti Hoff. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK
Nytt

Staten vil gi 10,5 milliardar til bøndene

Bøndene misnøgde og meiner det reelle tilbodet frå staten er lågare enn regjeinga seier. Krev 11,5 milliardar.

05.05.2022

NPK-NTB-Kenneth Kandolf Haug og Gunnhild Hokholt Bjerve: Landbruks- og matdepartementet tilbyr jordbruksorganisasjonane 10,15 milliardar kroner i årets oppgjer. Bøndene er skuffa over forslaget til inntektsløft.

Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag overleverte 27. april eit krav på 11,5 milliardar kroner til regjeringa. Differansen mellom regjeringstilbodet og kravet frå bøndene er dermed på 1,35 milliardar kroner, men det er forskjellar i kva for tal som blir rekna med i dei ulike reknestykka.

Bondelaget meiner det direkte samanliknbare tilbodet frå staten er 8,9 milliardar kroner.

– Dette er rekna på ein tradisjonell måte for rammeoppsett, seier forhandlingsleiaren i staten Viil Søyland.

Vanskeleg reknestykke
Staten bereknar at utslaget på matprisen blir om lag 1,5 prosent.

Årets oppgjer omhandlar i realiteten både 2022 og 2023, og det har gjort det ekstra krevjande å setje opp eit tradisjonelt tilbod denne gongen, skriv Landbruks- og matdepartementet i pressemeldinga si.

– Den ekstraordinære situasjonen medfører at tilbodet frå staten er solid, med betydeleg beløp på budsjett og i målprisauke. Regjeringa meiner dette må til for å bidra til tryggleik for norsk matproduksjon og sjølvforsyning i ein situasjon med uføreseielege marknader og sterk kostnadsvekst, seier Søyland.

Bøndene misfornøgde med inntektsløft
Staten lovar 2,4 milliardar kroner i kompensasjon for auka kostnader i 2022, noko bondeorganisasjonane kravde. Det er derimot framleis stor avstand mellom partane når det gjeld inntektsløft, der staten legg opp til å tette inntektsgapet til andre grupper i samfunnet med 30.000 kroner. Bøndene krev ei tetting på 100.000 kroner.

– For at bonden skal halde fram med å produsere mat, treng vi eit kraftig inntektsløft, seier Bjørn Gimming, forhandlingsleiaren i jordbruket og leiar i Norges Bondelag.

Han seier oppgjeret må bidra til at inntekta til bonden faktisk kjem nærare andre grupper i samfunnet.

Høgre uroa for pengebruken
Tilbodet på 10,15 milliardar kroner er langt høgare enn ved dei siste jordbruksoppgjera. Det uroar Høgres landbrukspolitiske talsperson Lene Westgaard-Halle.

– Høgre har stor forståing for at mange i landbruket har tøffe tider og behov for å få kompensert kostnadene sine, og skal vi lykkast med å byggje landbruket i framtida i Noreg, vil det krevje store og auka investeringar. Men 10,15 milliardar kroner i eitt enkelt jordbruksoppgjer er frykteleg mykje pengar. Så mykje at Høgre blir bekymra for pengebruken til regjeringa, seier ho.

Raudt støttar kravet frå bøndene om meir tetting av inntektsgapet.

– Når staten i dagens tilbod likevel kjem bøndene så langt i møte, viser det at det folkelege presset og bondeopprøret har hatt mykje å seie, seier landbrukspolitisk talsperson Geir Jørgensen.

Også finanspolitisk talsperson Kjell Ingolf Ropstad i KrF er uroa for at inntektsauken er for liten.

– Eg trur ingen skal vere bekymra for at bøndene tener for godt. Det vi treng er å sikre ei levedyktig lønn for årsverka, slik at dei som ønskjer å bli ein del av bransjen opplever at det er mogleg.

Publisert: 05.05.2022 15:22

Sist oppdatert: 05.05.2022 15:27