Nytt
Skal levere kvar veke
Frå september skal Statt Torsk lever torsk til slakteriet kvar veke.
13.05.2022
Torskeoppdrettselskapet Statt Torsk varsla tidlegare i år at det er klart til å levere kvar veke i andre halvår. I kvartalsrapporten skriv selskapet at leveringane kvar veke kjem i gang frå september i år.
Det er lutefisk-spesialisten Per Stave as ved Leikanger på Stadlandet som skal ta mot og slakte torsken.
Selskapet har så langt to lisensar; den eine ved Stokkeneset med lisens på 1560 tonn, og den andre ved Rekvika, med lisens på 2340 tonn.
Selskapet opplyser at målet er å produsere 12.000 tonn oppdrettstorsk i 2025, men då frå fire til seks anlegg.
Statt Torsk ASA | ||
1. kvartal. I mill. kroner | 2022 | 2021 |
Driftsinntekt | 7,9 | 0 |
Driftsresultat | -7,0 | -3,0 |
Resultat før skatt | -7,5 | -3,0 |
Publisert: 13.05.2022 11:03
Sist oppdatert: 13.05.2022 11:03