Statt torsk
TORSK: Statt Torsk melder om positiv testproduksjon, og no gir selskapet meir gass. Foto: Statt Torsk
Nytt

Optimistisk torskeoppdrettar

Statt Torsk vil snart levere torsk kvar veke.

28.03.2022

I ei oppdatering frå den børsnoterte torskeoppdrettaren Statt Torsk blir det opplyst at ein i januar avslutta sin tredje pilotproduksjon, der ein fekk stadfesta både dei forventa produksjonskostnadene og den biologiske veksten av oppdrettstorsken.

No vil selskapet gi meir gass, og opplyser at ein frå andre halvår i år vil levere oppdrettstorsk til sine kundar kvar veke. Dette er meir enn eitt år tidlegare enn først planlagt.

Per Stave-avtale
Statt Torsk har inngått avtale med selskapet Per Stave på Stadlandet for slakting av torsken, og herifrå går trailerane med torsk ut til marknaden, som primært er EU.

Selskapet opplyser også at ein er i prosess med å styrke sals- og marknadsdelen, og å byggje opp organisasjonen med utgangspunkt i Stad kommune.

Fire til seks anlegg
Selskapet har så langt to lisensar; den eine ved Stokkeneset med lisens på 1560 tonn, og den andre ved Rekvika, med lisens på 2340 tonn.

Selskapet opplyser at målet er å produsere 12.000 tonn oppdrettstorsk i 2025, men då frå fire til seks anlegg.

Statt Torsk er no prisa til rundt 450 millionar kroner på børsen. Oppgangen siste månaden er på 23 prosent.

Hovedeigar er Oslo-advokat Nicolas Brun-Lie med 22,5 prosent., medan dagleg leiar er tidlegare RS Platou-meklar Gustave Brun-Lie.

Publisert: 28.03.2022 11:09

Sist oppdatert: 28.03.2022 11:44

Mer om