- Mange har vist stor interesse, og tilbakemeldingane har vore positive etter at motoren blei frigitt for sal tidlegare i år.
Det seier Svein Hatlehol Henjesand som er salssjef av Rolls-Royce dekksmaskineri til fiskebåtar i Norge.
Henjesand har stor tru på at den nye vinsjen, som har fått betegninga BRE XT140, vil sette ny framtidig standard for elektriske trålvinsjar.
Motoren blir produsert i Brattvåg, der Rolls-Royce no byggjer opp produksjons- og servicekompetanse, samt reservedelslager inkludert komplette motorar.
- Dette vil gi oss god og rask responstid, seier Henjesand, som er glad for å kunne tilby dei beste og mest driftssikre løysingene uavhengig av kva slags drivesystem kunden ønskjer.
Han forklarar at verkingsgraden for elektriske vinsjer er noko betre enn hydrauliske, samtidig som det er muleg å bruke den regenerative straumen frå vinsjene tilbake på skipsnettet.
Behovet for ei girkasse med høg utveksling mellom trommelen og motoren, er ein ulempe med dei tradisjonelle elektriske vinsjane.
- Dette har vi no løyst med denne nye PM-motoren som har høgt moment utan girkasse, seier Henjesand.
Den første trålaren med den nye PM-motoren blir bygd på Vard Aukra og skal leverast til canadisk reiar rundt nyttår 2016/2017.
Det seier Svein Hatlehol Henjesand som er salssjef av Rolls-Royce dekksmaskineri til fiskebåtar i Norge.
Henjesand har stor tru på at den nye vinsjen, som har fått betegninga BRE XT140, vil sette ny framtidig standard for elektriske trålvinsjar.
Eit Brattvåg-produkt
Det er Rolls-Royce Marine si avdeling for dekksmaskineri i Brattvåg som har utvikla den nye elektriske motoren basert på PM-teknologien (permanent magnetisk). Motoren er spesielt utvikla for ankerhandtering og tråling, der behovet for god dynamikk og hastigheit på trommelen er viktige føresetnader.Motoren blir produsert i Brattvåg, der Rolls-Royce no byggjer opp produksjons- og servicekompetanse, samt reservedelslager inkludert komplette motorar.
- Dette vil gi oss god og rask responstid, seier Henjesand, som er glad for å kunne tilby dei beste og mest driftssikre løysingene uavhengig av kva slags drivesystem kunden ønskjer.
Eit elektrisk alternativ
Grunnen til utviklingsarbeidet er ifylgje Henjesand eit ønskje om å gi vinsj-kundane eit elektrisk alternativ til den elles så velkjende hydrauliske lavtrykksmotoren MX132.Han forklarar at verkingsgraden for elektriske vinsjer er noko betre enn hydrauliske, samtidig som det er muleg å bruke den regenerative straumen frå vinsjene tilbake på skipsnettet.
Behovet for ei girkasse med høg utveksling mellom trommelen og motoren, er ein ulempe med dei tradisjonelle elektriske vinsjane.
- Dette har vi no løyst med denne nye PM-motoren som har høgt moment utan girkasse, seier Henjesand.
Den første trålaren med den nye PM-motoren blir bygd på Vard Aukra og skal leverast til canadisk reiar rundt nyttår 2016/2017.
Mange har vist stor interesse, og tilbakemeldingane har vore positive
Publisert: 09.12.2015 12:44
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:50






