Stor seismikkjobb til Evotec
Sikra full sysselsetting heile neste år.
Evotec har sikra seg ein stor ordre til ein internasjonal aktør innan botnseismikk, ifølgje ei pressemelding.
Ulsteinvik-selskapet opplyser ikkje kroneverdien på avtalen.
Sikra full sysselsetting neste år
Entec-selskapet skal levere utstyret i løpet av første halvår 2024. Avtalen inkluderer også opsjon for to nye slike system i løpet av neste år.
Salssjef Torkjell Ringstad opplyser at denne og tidlegare inngåtte kontraktar, sikrar full sysselsetting heile neste år.
– Vi har hatt eit godt samarbeid med denne kunden og kontrakten viser vår evne til å skreddarsy automatiserte handteringssystem for ein meir effektiv operasjon, uttaler Ringstad.
Meir fart i seismikk og subsea
NETT NO har tidlegare i år fortald korleis fiskerimarknaden utgjer hovudtyngda i ordreboka for selskapet. Samtidig er det meir fart i «gamle marknader» som offshore og subsea-installasjonar.
Salssjef Geir Henning Kalvatn fortalde til NETT NO i haust at det låg mange planar i kjømda frå offshore- og subsea-delen av marknaden.
Entec-konsernet, som Evotec er del av, ligg an til ny vekst – og plussresultat for 2023 – etter rekordår i fjor.
Publisert: 21.12.2023 14:40
Sist oppdatert: 21.12.2023 14:40