Evotec Solander Håkon Woldsund Paul Hufflet Michael Connoly foto Evotec 11
NY KONTRAKT: Salssjef Håkon Woldsund i Evotec, saman med Paul Hufflett og Michael Connoly frå Aurora Fisheries. Foto: Evotec
Nytt

Kapra nok ein «betydeleg» fiskeriordre

Evotec byggjer globalt sals- og servicenettverk. Sikra New Zealand-kontrakt.

Marius Rosbach
20.11.2023

Det er framleis god fart i fiskerimarknaden for utstyrsleverandøran i Evtotec.

Måndag opplyser selskapet at dei har sikra seg kontrakt på komplett vinsje- og handteringspakke til ein trålar til newzealandske selskapet Aurora Fisheries.

Teikna av Skipsteknisk
Reiarlaget som er eigd av Solander Group på NewZealand, har ein 80 meter lang og 15,4 meter brei fabrikktrålar under bygging ved Tersan-verftet i Tyrkia.

Fartøyet – som er designa av Skipsteknisk i Ålesund – skal erstatte ein eldre trålar når den er klar mot slutten av 2025.

Tidlegare i år sikra Evotec seg også ein storordre på eit anna Skipsteknisk-design, Leinebris sitt nye fartøy som er under bygging i Tyrkia.

Skipsteknisk Aurora Fisheries
TEIKNA I ÅLESUND: Den nye fabrikktrålaren til Aurora Fisheries blir teikna i Ålesund av designarane i Skipsteknisk. Illustrasjon: Skipsteknisk


Bygger globalt nettverk
At Evotec sel utstyr som skal bli nytta til fiske på den andre sida av verda, er beskrivande for korleis løysingane deira blir vurdert, meiner salssjef Håkon Woldsund.

Avtalen med Aurora Fisheries er sikra via eit samarbeid dei har med ei lokal partnarbedrift i den newzealandske byen Nelson.

– Slike partnerskap er viktige for å sikre lokal service- og marknadskunnskap. Vi er etablert i fleire strategiske stader, og utviklar dette vidare i alle store maritime hubar i verda, fortel Woldsund til NETT NO.

I Sør-Korea har Evotec også valt å etablere kontor med eigne tilsette.

Fiskeri er hovudtyngda i ordreboka
Den nye avtalen til Evotec omfattar alle vinsjar for tråling og fortøying om bord i den store trålaren.

Ulsteinvik-selskapet opplyser ikkje kroneverdien på avtalen, men det er ein kontrakt av «betydeleg» storleik, ifølgje Woldsund.

Tidlegare i haust opplyste Evotec-sjef Jogeir Romestrand til NETT NO at det var «bra fart» i fiskerimarknaden.

Fiskerimarknaden utgjer hovudtyngda i ordreboka for selskapet, samtidig som det er meir fart i «gamle marknader» som offshore og subsea-installasjonar.

Entec-konsernet, som Evotec er del av, ligg an til ny vekst – og plussresultat for 2023 – etter rekordår i fjor.

Publisert: 20.11.2023 11:11

Sist oppdatert: 20.11.2023 13:00

Mer om