Evotec gruppe i produksjon bl a Jogeir Romestrand foto Marius 22
TRENG FLEIRE KOLLEGAER: I produksjonshallen til Evotec er det nok av arbeid. Frå venstre: Jonathan Martinez, Markus Gundersen, Jan-.Erik Årvik, Jogeir Romestrand, Nikolay Sundgot, Geir Henning Kalvatn, aurora Seljeset og Marius Bekkemellem. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Ventar bølgje med arbeid i «gamle» marknader

Offshore og subsea er på full fart tilbake i ordrebøkene til Evotec. Jaktar tilsette og partnarar.

Marius Rosbach
12.10.2023

Berre den siste veka har Evotec fortalt om fiskeriordrar for meir enn 100 millionar. Samtidig opplever dei at «gamle» marknader som offshore og subsea-installasjonar er å veg tilbake i ordreboka etter fleire år med laber aktivitet.

– No er det bra fart på fiskeri igjen. Det er kjempebra og viktig for oss, seier Evotec-sjef Jogeir Romestrand til NETT NO.

Fiskeri utgjer hovudtyngda i ordreboka for selskapet, og det er framleis eit lite stykke opp til fjorårsomsetninga i denne marknaden. Romestrand påpeiker også at det så langt i år berre har vore ordrar frå utanlandske reiarar.

– Også er det klart at offshore og subsea kan vere veldig spennande viss det held seg. Mange seier at den bølgja som kjem der, kjem til å bli sterkare og vare lengre, enn vi trur, legg Romestrand til.

Mange planar på offshore og subsea
Salssjef Geir Henning Kalvatn fortel at det ligg mange planar i kjømda frå offshore- og subsea-delen av marknaden. Håpet er at det skal losne i løpet av året, eller neste år.

– Det er snakk om ganske store pakkar som er utruleg interessante for oss, fortel Kalvatn.

Ei «standardpakke» er til eksempel vinsjar og utsettingssystem for å handtere undervassfarkostar som ROV-ar og liknande.

No jobbar Evotec både med å utvikle nye produkt som kan auke verdien i kvar leveranse, samtidig som dei jobbar med standardisere utstyret.

Evotec lars foto marius 11
ROV-UTSETTING: Slik ser det sokalla LARS-systemet (launch and recovery, journ. anm.) til Evotec ut. Det nyttast til å sette ut undervassfarkostar frå skip. Bildet er frå ein demonstrasjon tidlegare i år. Foto: Marius Rosbach

Ligg an til ny vekst for konsernet
Entec-konsernet består av dotterselskapa Evotec, Brimer og Norpartners, som alle har Entec som «fornamn».

Brimer lagar mellom anna store kar til oppdrett og vassrervar på ein fabrikk på Kvamsøya. Konsernet har óg produksjon i Latvia, som leverer strukturar for å beskytte kritisk utstyr ved installasjonar på havbotnen.

Romestrand fortel at konsernet samla ligg an til ny vekst – og plussresultat for 2023 – etter rekordår i fjor.

– Vi har tenkt til å vekse vidare som gruppe, og det gjer vi i år også, seier han.

Vurderer alle alternativ for auka kapasitet
Aktiviteten gjer at både Evotec – og dei andre Entec-selskapa – vurdere «alle» moglegheiter for å auke kapasiteten. Å rekruttere fleire folk er berre ei av løysingane.

Men det er utfordrande å få søkjarar med spesialkompetanse.

Romestrand fortel at dei også vurderer å finne partnarar som kan ta på seg arbeid på ulike område.

– Vi jobbar langs alle aksar for å finne ut korleis det kan gjerast, fortel Evotec-sjefen.

Har lukkast på fiskeri og oppdrett
Evotec måtte for nokre år sidan snu seg vekk frå seismikk, olje og gass - og har vekse på fiskeri og oppdrett. Det bidrog til ny rekordomsetning og solid overskot i fjor.

I oppdrettsmarknaden har det vore stille sidan regjeringa la fram forslaget om grunnrenteskatten i fjor.

– Her er det eigentleg ikkje kome nye prosjekt i marknaden sidan, seier Romestrand.

På seismikk ser det derimot lysare ut med auka aktivitet, og i sommar fortalde NETT NO om den første store seismikkordren på lang tid.

Publisert: 12.10.2023 05:00

Sist oppdatert: 31.12.2023 13:05

Mer om