Stordal Møbel Ole Håvard Stavseng
VEKST: 38 prosent vekst på tre år for Stordal Møbel, der Stavseng-familien er hovudaksjonær. Innfelt styreleiar Ole Håvard Stavseng. (Foto: Kristin Vidhammer)
Nytt

Auka salet, ikkje lønsemda

Stordal Møbel veks for tredje år på rad.

29.09.2021

Møbelprodusenten i Stordal har auka driftsinntektene med 38 prosent frå 2017 til 2020, til 46,8 millionar kroner.

I fjor sysselsette selskapet 31 årsverk.

Ny start
I 2013 gjekk selskapet Stordal Møbler konkurs, og eigarane bak selskapet starta ny verksemd i Stordal, gjennom dagens selskap Stordal Møbel.

Stordal Møbel har drive med overskot kvart år sidan starten, men veksten i driftsinntekter dei siste åra har ikkje gitt tilsvarande auke i lønsemda. (sjå tabell).

Familien Stavseng er største aksjonær med 81,7 prosent av aksjane i selskapet.

NETT NO har ikkje lukkast å få kontakt med styreleiar Ole Håvard Stavseng.

Stordal Møbel

Tal i mill. kroner

20202019
Driftsinntekt46,840,0
Driftsresultat1,00,9
Resultat før skatt0,70,6

Publisert: 29.09.2021 09:10

Sist oppdatert: 29.09.2021 12:16

Mer om