– Eit kortsiktig og lite visjonært virkemiddelapparat hindrar oss i å kappe inn forspranget til våre nordiske konkurrentar, seier bransjesjef Egil Sundet i Møbel + Interiør i Norsk Industri til .
– Eksporttala peikar stødig oppover for norsk møbel- og interiørbransje, men i skandinavisk samanheng er vi framleis minst, seier Sundet.
– En dansk bedrift kan få mellom 25 og 50 prosent av kostnadene sine knytta til eksportsatsing dekka av virkemiddelapparatet i Danmark i ein treårsperiode. I Norge kan ein kun få støtte i ett år. Dette er for kort periode til å lukkast, seier han.
Laurdag opnar den store møbel- og interiørmessa ICFF på Javits Center i New York. Der er det 700 utstillarar og forventa 32.000 besøkande.
Vad stiller med klassikaren Convair og den nye kvilestolen On.
Til Pressenytt seier adm. dir Håkon Vad at selskapet har deltatt på ICFF kvart år sidan 2011, noko som har gitt sal i USA og Canada.
- Vi prøver no med nye modellar som vi håper medfører auka sal på den amerikanske marknaden. Møbelmarknaden i Nord-Amerika har vist ei positiv utvikling, med auka interesse for nordiske møblar.
- Men vi ser at amerikanarane har litt andre preferansar når det gjeld for eksempel fargar og komfort, seier han.
– Eksporttala peikar stødig oppover for norsk møbel- og interiørbransje, men i skandinavisk samanheng er vi framleis minst, seier Sundet.
Eksportutvikling
Han ønskjer seg ei norsk eksportuviklingsordning.– En dansk bedrift kan få mellom 25 og 50 prosent av kostnadene sine knytta til eksportsatsing dekka av virkemiddelapparatet i Danmark i ein treårsperiode. I Norge kan ein kun få støtte i ett år. Dette er for kort periode til å lukkast, seier han.
Laurdag opnar den store møbel- og interiørmessa ICFF på Javits Center i New York. Der er det 700 utstillarar og forventa 32.000 besøkande.
Ny kvilestol
På den norske Insidernorway-standen stiller selskapa Northern Lightning, Ope og Vad frå Stordal.Vad stiller med klassikaren Convair og den nye kvilestolen On.
Til Pressenytt seier adm. dir Håkon Vad at selskapet har deltatt på ICFF kvart år sidan 2011, noko som har gitt sal i USA og Canada.
- Vi prøver no med nye modellar som vi håper medfører auka sal på den amerikanske marknaden. Møbelmarknaden i Nord-Amerika har vist ei positiv utvikling, med auka interesse for nordiske møblar.
- Men vi ser at amerikanarane har litt andre preferansar når det gjeld for eksempel fargar og komfort, seier han.
Eit kortsiktig og lite visjonært virkemiddelapparat hindrar oss i å kappe inn forspranget til våre nordiske konkurrentar
Publisert: 12.05.2016 13:29
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:57