Store utfordringar for kinesiske verft
COSCO: Cosco-verftet på øygruppa Zhoushan er mellom dei 60 kinesiske verfta på den statlege "kvitelista". Verftet har nettopp ferdigstilt fire PSV-ar av Rolls-Royce-design, og byggjer no shuttletankarar for Haugesund-baserte Knutsen Shipping. Understelllet til flyteriggen Island Innovator var også bygt her.
Nytt

Store utfordringar for kinesiske verft

Mange kinesiske verft slit, og det vil verte verre, viser ei fersk analyse frå Ålesund-baserte Yard Intel. Det kan vere godt nytt for norske verft.

28.05.2015
har gått gjennom status på dei 60 kinesiske verfta som er på Beijing si "kvitliste", ei liste over verft som det skal satsast på.
Verst er det for Rongseng Heavy Industries, som var det største privateigde verftet i Kina. I mars vart aksjen suspendert på børsen i tre dagar i samband med omstrukturering.
Namnet vart endra til China Huarong Energy Company og tre bankar overtok 40 % av aksjane. I tillegg er det forventa at Yangzijang Shipbuilding vil kjøpe seg inn med 20 %, men verftsleiinga har nyleg sagt at det er muleg dei ikkje kan halde fram drifta trass i restruktureringa.
Dette er eitt av eksempla Yard Intel viser til i sin analyse. Om ikkje marknaden snur fort, meiner Yard Intel at mange andre kinesiske verft vil få problem med å overleve.

- Mange verft vil forsvinne

Beijing si første "kviteliste" over verft vart offentleggjort i september 2014. Då var det 51 verft på lista, men på den siste oppdateringa er 60 verft med.
Dette er uansett berre ein svært liten del av dei kinesiske verfta, som talde rundt 300 i 2012. Talet er no på rundt 220, og Yard Intel sine prognoser viser at rundt 100 vil forsvinne til neste år.
Den kinesiske "kvitelista" vart oppretta som konsekvens av enorm overkapasitet i den kinesiske verftsindustrien, der det i perioden 2005 til 2010 skjedde ei voldsom utbygging av eksisterande verft i tillegg til at det vart etablert mange nye.
I 2011 byrja mange å få problem, og i 2012 vart situasjonen akutt for mange av verfta, som var på randen av konkurs.

Lettare tilgang til lån

Styresmaktene i Beijing bestemte då å lage ei liste over kva for verft som det skulle satsast på, og som fortente styresmaktene sin støtte. Mellom anna skulle desse verfta få lettare tilgang til lån, i tillegg til skatterabatt.
Yard Intel påpeikar at det har vore ei rekkje svakheiter ved utvelginga av kva for nokre verft som har gjort seg fortene til å stå på denne lista. Mellom anna har det vorte lagt stor vekt på kven som har dei beste verftsfasilitetane, og ikkje kven som har dei største finansielle musklane.
- Ved å favorisere meir sofistikerte produksjonsfasilitetar, favoriserer ein i praksis meir kapitalintensiv produksjon, medan kinesiske verft historisk sett har vore mest konkurransedyktige når det gjeld arbeidsintensiv produksjon, fastslår Yard Intel.

Bankane bryr seg lite

Sjølv om eitt av måla med "kvitelista" var å presse kinesiske bankar til å redusere utlåna til verftsindustrien, meiner Yard Intel at bankane ikkje bryr seg så mykje om kven som står på denne lista - eller ei.
- Mange "ikkje-kvitelista" vert ser ut til å verte omfamna av både bankane og deira klientar, medan andre "kvitelista" verft opplever det motsette, skriv Yard Intel.
Uansett dominerer "kvitelista" verft 80 % av marknaden, utan at dette nødvendigvis er eit resultat av sentrale føringar.

Dårlege utsikter

Yard Intel meiner at kinesisk verftsindustri går tøffe tider i møte.
- Antal verft med kontraktar er kraftig redusert siste åra, og vil verte ytterlegare kraftig redusert om det ikkje kjem ei ny ordrebølgje fort.
Ved å favorisere meir sofistikerte produksjosfasilitetar, favoriserer ein i praksis meir kapitalintensiv produksjon

Publisert: 28.05.2015 06:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:44