Kenneth løken Frank Maråk geiranger Bryggerig foto Ogne
STØRST: Frank Maråk (t.h) er blitt dominerande eigar i Geiranger Bryggeri. Til venstre medeigar og medgrunnleggar Kennet Løken. Arkivfoto: Ogne Øyehaug
Nytt

Storeigar i Geiranger Bryggeri

Ein av grunnleggarane er blitt dominerande eigar i bryggeriet.

27.05.2022

Dagleg leiar Frank Maråk i Geiranger Bryggeri eig 58,62 prosent i selskapet etter eit eigarendring i selskapet i februar i år.

Maråk har vore dagleg leiar sidan starten i 2015. Han og Jakob Torp Årset eigde kvar 33,33 prosent av selskapet, medan Karl Mjelva, Stian Peter Merok og Kenneth Skarbø Løken eigde 11,11 prosent kvar.

Etter eigarendringa eig Frank Maråk 58,62 prosent, Jakob Torp Årset 20,69 prosent og Mjelva, Merok og Løken 6,9 prosent, skriv selskapet i årsmeldinga for 2021.

Investerer
Endringa på eigarsida heng saman med ei kapitalutviding på ein million kroner i samband med at Geiranger Bryggeri investerer omlag fem millionar kroner i å utvide produksjonslokala og kjøpe nytte utstyr til bryggeriet.

Det skal gi ein meir effektiv og mindre arbeidskrevande produksjon, seier Frank Maråk.

Dårleg start
Ein dårleg start på sommarsesongen gjekk ut over ølsalet i Geiranger i fjor. Sjølv om resten av sommaren blei bra, greidde selskapet ikkje å ta att det som gjekk tapt tidleg i sesongen.

Det er hovudårsaka til at driftsinntektene fall i fjor.

Lønsemda betra seg derimot (sjå tabell), først og fremst fordi Maråk som einaste tilsette reduserte uttak av løn til 140.000 kroner.

I år ligg det an til ei driftsinntekt på i overkant av eit normalår, ifølgje Maråk. Gjennomsnittleg driftsinntekt sidan første heile driftsår i 2016 er 2,2 millionar kroner.

Geiranger Bryggeri as
Tal i mill. kroner20212020
Driftsinntekt2,22,4
Driftsresultat0,40,3
Resultat før skatt0,40,2

Publisert: 27.05.2022 09:09

Sist oppdatert: 27.05.2022 17:06

Mer om