Rekordår for Trollbryggeriet
Bryggeriet i Liabygda auka inntektene i koronaåra.
Frå starten i 2011 auka Trollbryggeriet driftsinntektene til 3,1 millionar krone i 2014.
Deretter flata vekstkurva ut, og først i 2020 passerte selskapet driftsinntektene frå 2014. I fjor blei dei ytterlegare vekst og etter minusresultat i 2016-2019 har Trollbryggeriet gått i pluss dei to siste åra (sjå tabell).
Tøffare konkurranse
Trollbryggeriet var først ute blant dagens små bryggeri på Nordvestlandet, men etterkvart kasta fleire seg på øl-bølgja, og konkurransen blei tøffare.
Undervegs har det vore avskallingar i bransjen, men også nyetableringar - som Kaab Bryggeri i Langevåg (sjå tabell).
Dagleg leiar og medeigar Jørund Ringset sa til NETT NO i 2017 at selskapet merka at det var blitt meir krevjande å få innpass i butikkhyllene, både på grunn av fleire lokale konkurrentar og på grunn av konkurransen frå nye bryggeri generelt.
- For nokre år sidan sto dei berre og jaga oss inn, seier Ringset om responsen i butikkane.
Satsa på selskap
Jørund Ringset (29,8 %) eig Trollbryggeriet saman med Kjartan Lid (70,2 %).
Deira svar på konkurransen var mellom anna å investere i Trollstova, eit selskapslokale i andre etasje i bygget som også husar bryggeriet, for å få fleire bein å stå på og mellom anna fange opp turisttrafikken.
Trollbryggeriet as | ||
Tal i mill. kroner | 2021 | 2020 |
Driftsinntekt | 3,8 | 3,4 |
Driftsresultat | 0,5 | 0,4 |
Resultat før skatt | 0,3 | 0,2 |
Kaab Bryggeri as | ||
Tal i mill. kroner | 2021 | 2020 |
Driftsinntekt | 1,3 | 0,2 |
Driftsresultat | 0,4 | -0,1 |
Resultat før skatt | 0,4 | -0,1 |
Les også
Småbryggeria er framleis ein vekstbransje på Nordvestlandet. Men førebels er det smått med lønsemda.
Oscar Sylte Mineralvannfabrikk i Molde er medeigar i Ålesundsbryggeriet Molo Brew.
Tonga Gardsbryggeri passerte millionen i omsetning første heile driftsår.
Publisert: 20.05.2022 08:30
Sist oppdatert: 27.05.2022 09:29