Storfilm gir arbeid til lokale bedrifter
HELLESYLT: Filminnspelinga går føre seg frå heilt frå Åndalsnes i Rauma til Loen i Stryn. Michelle De Vries (f.v. innfelt), Tore Aakre og Oscar Almgren er mellom dei som har meir arbeid som følgje av storfilmen.
Nytt

Storfilm gir arbeid til lokale bedrifter

Mission Impossible-innspelinga strekk seg over store delar av Nordvestlandet og dei treng alt frå transport, daglegvarer og guiding.

Marius Rosbach
05.09.2020

Stranda-bygda Hellesylt er denne veka for alvor «innteke» av filmcrewet som lagar den neste Mission Impossible-filmen med Tom Cruise i hovudrolla.

Ingen som har vore i bygda har unngått å legge merke til hurtigruteskipet ved kaia – som også har skapt politisk furore – helikoptera som svirrar i lufta, og ikkje minst dei mange leigebilane som går i skytteltrafikk hit og dit.

Mange av helikoptera kjem frå det Flakk-eigde Ålesund-selskapet 62° Nord, men det er langt fleire lokale firma som har oppdrag med storproduksjonen.

Les også: Tek Hurtigrute-saka til topps

Politiet meiner Hurtigruten bryt lova

Transportoppdrag for familiebedrift
Ei av dei lokale bedriftene som har travle dagar er familiebedrifta Trips of Norway. Frå basen på Valderøya har dei spesialisert seg på filmoppdrag og har vore involvert i fleire tidlegare filminnspelingar i regionen.

nettnohalf

– Vi er på oppdrag for True North og stiller med sjåførar og bilar. Også har vi ei sentral rolle med å koordinere transporten, fortel Lene Aakre Nilsen til NETT NO.

Meir kan verken vil ho, eller faren Tore Aakre, seie om sjølve oppdraget for Mission Impossible-produksjonen.

Spørsmål som kven som er favorittsjåføren til Tom Cruise, blir avfeia med lure smil. Men ut frå talet på sjåførar og bilar dei har i sving, er det lett å forstå at det er eit betydeleg oppdrag.

True North er Trips of Norway-gjengen sin største kunde og har vore vertskap for ein rekkje internasjonale filminnspelingar her til lands. Giske-selskapet har tidlegare vore med på både Mission Impossible og James Bond-produksjonar i Norge.

Omsetningsrekord i fjor
Både Tore Aakre, kona og barna er aktive i drifta av selskapet - som sette ny omsetningsrekord i fjor med 8,6 millionar kroner.

nettnohalf

Tore Aakre anslår at kring tre firedelar kjem frå filmarbeid. I tillegg driv dei med bubilutleige, som har vore svært god butikk dei siste månadene.

– Ut frå etterspurnaden i sommar kunne vi leigd ut dobbelt så mange bilar som vi klarte, seier han til NETT NO.

Les også: Køyrer inn millionar frå filmbransjen

Kjærkome oppdrag etter koronastans
Mange i transportbransjen har hatt eit tøft møte med koronapandemien, og Tore Aakre fortel at oppdraget med Tom Cruise-filmen kom på eit godt tidspunkt.

– Dette er etterlengta oppdrag for mange av våre sjåførar, som har vore utan arbeid som følgje av koronaen, seier han.

Trips of Norway har opptil 250 sjåførar som dei nyttar til oppdrag. Mange er midlertidig tilsette, og ein del sjåførar har eigne selskap.

– Mykje av arbeidet består i å finne dei rette sjåførane til dei rette folka. Dei skal vite kva snacks kundane likar og korleis dei ønsker å ha musikken i bilen. Og slikt veit vi, fortel Aakre.

Trur på fleire storfilmar
Til saman er nærare 500 personar på ein eller anna måte involvert i innspelinga på Nordvestlandet, til det som blir den 7. i rekka av Mission Impossible-filmane.

nettnohalf

Innspelinga har fått støtte frå den nye insentivordninga frå Norsk filminstitutt, som skal legge til rette for at meir film- og tv-produksjon skjer i Norge.

Aakre fortel at dei også gjerne vil bidra til at det kjem fleire større filmproduksjonar til Møre og Romsdal. Han er sikker på at dette ikkje er den siste storfilmen som blir spelt inn i regionen.

Nye kundar for daglegvarebutikken
I sentrum på Hellesylt ligg Joker og Coop Marked-butikkane side om side. Begge har hatt godt med besøk som følgje av filminnspelinga i bygda.

– Vi har mange ekstra kundar som vi ikkje kjenner frå før. Det er også kjekt at det kjem folk til bygda for å sjå og få med seg det som skjer, seier butikksjef Michelle De Vries ved Coop-butikken til NETT NO.

Den nederlandske kvinna har budd i Norge i kring 13 år, og vore sjef på daglegvarebutikken i om lag tre og eit halvt år.

– Det er moro at Hellesylt får slik positivt merksemd. Vi er vande med å kome i skuggen av Geiranger, påpeiker ho.

Lita tru på Tom Cruise-besøk
De Vries fortel at butikkdrifta i år har vore greitt – trass koronapandemien. Sjølv om dei utanlandske turistane har blitt heime, har det vore langt meir besøk frå nordmenn på tur.

nettnohalf

– Vi har hatt eit annleis sal i år, men vi er framom budsjettet per i dag. Nordmenn har større kjøpekraft enn europearar. Eg pleier å seie at vi treng ni utanlandske turistar for kvar nordmann, fortel ho.

No om dagen lurer sjølvsagt «alle» på om hovudrolleinnehavar Tom Cruise har vore innom, men De Vries har lita tru på at det vil skje.

– Eg tvilar sterkt på at han kjem innom, og reknar med at dei har strenge smittevernreglar kring ham. Nei, eg ventar ikkje å sjå Tom Cruise her, fortel ho.

Frå Åndalsnes til Loen
På Hellesylt ligg også ei anna bedrift som brått har fått meir å gjere. Den lokale bensinstasjonen sørger for det meste av drivstoffet til bilparken - og sjølvsagt den mykje omtala motorsykkelen til hovudrolleinnehavar Tom Cruise.

nettnohalf

Men innspelinga av storfilmen sett sitt preg på langt meir enn berre Hellesylt-bygda. Heilt frå Åndalsnes – der filmteamet har laga til eit togsett av Orientekspressen – til Loen i Stryn – der Hotel Loenfjord leiger ut rom til produksjonen.

Mange frå filmcrewet har base på Stranda Hotell, der heile hotellet er leigd ut. Her held også turguideselskapet Uteguiden til. Dagleg leiar Oscar Almgren fortel at han har «signert nokre papir» på kva han kan seie, men han stadfestar at dei «har jobb for dei».

– Omfanget er litt fram og tilbake, og det er mange ting dei må ta omsyn til. Men det er kul å sjå at så mange blir engasjerte og det er ein «stor grej», seier han til NETT NO.

Trur på langsiktig effekt
Almgren trur den langsiktige effekten av slike storfilmar er større enn sjølve oppdraga som skjer under innspelinga.

nettnohalf

– Eg har meir trur på ein slik effekt. Til eksempel kan det vere at Raumabanen kan få eit oppsving. Samtidig trur eg at det er fleire nordmenn, enn utlendingar som er klar over at den førre Mission Impossible-filmen blei spelt inn på Preikestolen, legg han til.

Les også: Køyrer inn millionar frå filmbransjen

Tek Hurtigrute-saka til topps

Politiet meiner Hurtigruten bryt lova

«Mission Impossible» leiger hurtigruteskip

Hotelldirektøren på Stranda: – Indremedisin for ein region som har hatt eit vanvittig tøft år


Mykje av arbeidet består i å finne dei rette sjåførane til dei rette folka. Dei skal vite kva snacks kundane likar og korleis dei ønsker å ha musikken i bilen

Publisert: 05.09.2020 05:55

Sist oppdatert: 05.10.2021 13:41