Fredrik Langehaug Artec Aqua sjef Aquanor 2025 foro Ogne Oyehaug
STOR AVTALE KAN BLI STØRRE: Artec Aqua Vaq-sjef Fredrik Langehaug og kollegaene har fått ei kontrakt som kan bli like stor milliardkontrakten for Salmon Evolution-utbygginga. Foto: Ogne Øyehaug.
Nytt

Storkontrakt for Artec Aqua Vaq

Kan bli like stort som Salmon Evolution-utbygginga.

13.04.2026

Artec Aqua Vaq i Ålesund har vunne oppdraget om å vere totalleverandør for prosjektering, bygging og igangkøyring av første byggesteg av eit landbaserte lakseoppdrettanlegget ved Tjeldbergodden i Aure kommune på Nordmøre.

Det er selskapet Salfjord som som skal ha anlegget, som fullt utbygd kan produserer 36.500 tonn sløyd laks i året. Det er like mykje som Salmon Evolution i Indre Harøy på Romsdalskysten kan produsere når tredje byggetrinn der er ferdig. 

Første byggesteg av Salfjord-anlegget har ein minimum kontraktsverdi på mellom 700-800 millionar kroner for Artec Aqua Vaq, fortel Salfjord i ei pressemelding.

Arteq Aqua Vaq er ein del av industri og ingeniørkonsernet Endúr, der Artec Aqua-grunnleggarane er største einskildaksjonær.

Les børsmelding her

Same modell 
Artec Aqua Vaq er spesialist på å prosjektere og styre utbygging av landbaserte oppdrettsanlegg, både for smoltproduksjon og for matfiskproduksjon. Prosjekteringa og prosjektstyringa av bygginga av Salmon Evolution sitt anlegg er det hittil største oppdraget Artec Aqua Vaq har hatt. Går alt som Artec Aqua Vaq håpar kan Salfjord-oppdreget bli like stort.

Nett no er Artec Aqua Vaq i arbeid med å andre byggesteg av Salmon Evolution-anlegget. Den første fisken skal settast ut i tankane i andre byggesteg om få dagar, og heile andre byggsteg skal vere ferdig i løpet av året.

Salmon Evolution sitt anlegg kombinerer gjennomstrøyming av friskt sjøvaten med delvis resirkulering, og det skal ogås Salfjord-anlegget gjere. Dei to selskapa har og til felles at begge spring ut av regionale inititiativ og har eigarar frå regionen.

Dagleg leiar Hans Ramsvik i Salfjord seier den første fasen av arbeidet Artec Aqua Vaq er engasjert til mellom anna skal kartlegge korleis anlegget skal byggast heilt ferdig, til dømes ved eit kontinueerleg gradvis utbygging eller byggin i fleire steg. Målet er å sette den første fisken ut i tankane i augsut 2028.

Fleire oppdrag
Artec Aqua Vaq-sjef Fredrik Langehaug seier målet er å vere med vidare gjennom heile Salfjordutbygginga.

I tillegg til Salfjordanlegget har Artec Aqua Vaq oppdrag med å bygge ut eit smoltanlegg på Sævareid i Hordaland. Det har ein kontraktsverdi på 600 millionar kroner og er den tredje største Artec Aqua Vaq nokon gang har inngått

Nyleg fekk Artec Aqua Vaq også kontrakt om å vere partnar i forprosjekteringa av eit smoltanlegg for Vevelstad Settefisk på Helgelandskysten.

Publisert: 13.04.2026 12:38

Sist oppdatert: 13.04.2026 18:11

Mer om