Storstilt utflagging i det stille
<i>BAHAMASFLAGG: </i>Sidan kunden også skulle bruke båten på norsk sektor, var NIS-flagg ikkje noko alternativ for Havila Phoenix. Dermed blei det Bahamas.  
Nytt

Storstilt utflagging i det stille

I løpet av dei siste fem-seks åra norske offshorereiarlag drive utflagging i stor stil og erstatta norske sjøfolk med utlendingar. 

Administrator
20.06.2014
Tal som er henta frå Sjøfartsdirektoratet sine lister over sletting og innføring av farty i Norsk Ordinært Skipsregister (NOR) og Norsk Internasjonalt Skipsregister (NIS) viser ei omfattande utflagging, sjølv om talet på offshoreskip i registra er relativt lite endra.
Tala viser at frå 2009 og fram til dags dato har Sjøfartsdirektoratet loggført godt og vel 60 slettingar frå NOR-registrerte av farty med anten Ålesund eller Fosnavåg i hekken. I desse tala inngår òg eit 20-tals farty som er sletta på grunn av sal til utlandet og dermed ikkje kan reknast som utflagga.
Talet på reine utflaggingar av sunnmørsbåtar frå NOR og NIS i femårsperioden ligg på rundt tretti farty. Halvparten av desse har valt Bahamas-flagg som erstatning for det norske.
31 båtar har gått frå NOR til NIS, medan 27 har gått motsett veg. Det er òg tilfelle der båtar har vandra» mellom NOR, NIS og utanlandsk flagg, eller skifta til bekvemmelegheitsflagg etter fyrst å ha vore innom NIS.

Berga av boomen

At det ikkje har blitt meir støy rundt den omfattande utflagginga kan best forklarast med tilgangen på norske sjøfolk sett opp imot den store og langvarige boomen på bygging av nye offshorefarty. Den store nybyggingsaktiviten har gjort norske sjøfolk til mangelvare, og for kvar norsk arbeidsplass som har gått tapt gjennom flaggskifte, har det kome minst ein i erstatning gjennom innmeldingar av ny tonnasje i det norske skipsregisteret.
Sunnmørsreiarlaga sin nybyggingsaktivitet har resultert i at dei to norske skipsregistera er tilført om lag førti nybygg i den aktuelle perioden.

Ingen er oppsagde

- Vi har enda til gode å seie opp nokon av våre sjøfolk på grunn av flaggskifte.Dei som har blitt råka har vi greidd å omplassere, understrekar administrerander direktør Njål Sævik i Havila Shipping.
Av dei til saman rundt 800 sjøfolka som Sævik har ansvaret for er det i dag rundt 370 nordmenn. Resten fordeler seg på sjøfolk av ulike nasjonalitetar, for ein stor grad filippinarar. Også Bourbon Offshore Norway har om lag like mange utlendingar som nordmenn i sin flåte, og av til saman 3300 sjøfolk på båtar med Fosnavåg i hekken er det i dag om lag 1200 med annan nasjonalitet enn norsk.

Sparer 20.000 kroner dagen

Havila har også nokre båtar i Nordsjøen, på britisk sektor, som er heilt frie for nordmenn. På desse fartya består den overordna bemanninga av britar og polakkar, og Sævik legg ikkje skjul på at bemanninga av desse båtane er eit kostnadsspørsmål:
- Dette er einaste måten vi i dag kan vere konkurransedyktige med plattform supplyskip på britisk side. Så enkelt er det, seier Sævik, som på denne måten får mannskapskostnadene reduserte med om lag 20.000 kroner dagen i forhold til om båten skulle hatt berre nordmenn om bord.
- På ein langtidskontrakt for PSV er det dette som er botnlinja di, seier Sævik og viser til at dette er ein velkjend modell på britisk side.

«Alle» skal på rigg

Ein annan faktor som påverkar bemanninga, er ifylgje Sævik konkurransesituasjonen med riggselskapa.
Dei kan tilby sjøfolka heilt andre vilkår enn kva offshorereiarlaga er istand til å gi. «Alle» skal i dag på rigg, og løns- og arbeidstidsvilkåra på installasjonane er i ferd med å bli offshorereiarane sitt store mareritt.

Regelverket påtvingar utflagging

Utflagginga er om lag om lag like stor frå NOR-registeret som frå NIS, og det går også føre seg flaggskifte mellom dei to norske skipsregistera. Der kan også visast til døme der ein reiar, som ønskjer å flagge om frå NOR til NIS, blir tvinga til å velje bekvemmelegheitsflagg på grunn av forbodet mot NIS-flagg på norsk sektor.
Eit slikt ferskt døme er subsefartyet Havila Phoenix, som nyleg måtte fire det norske flagget før den kunne starte på ein langtidskontrakt med ein utanlandsk kunde.
Sidan kunden også skulle bruke båten på norsk sektor, hadde reiarlaget ikkje noko norsk alternativ til utflagging.
Dette er ifylgje Sævik grunnen til at eit av dei største og mest avanserte fartya i den norske oljeserviceflåten fekk Bahamas-flagg i staden for norsk internasjonalt. Slettinga frå NOR skjedde 28. april i år.
- Vi ville ha valt NIS-flagg om vi hadde fått operere med det på norsk side, seier Sævik.
Han håpar difor at utvalet som er igang med å vurdere fartsområdebegrensingane for skip i Norsk Internasjonalt Skipsregister kan kome med noko meir fornuftig enn det som er gjeldande i dag.
I dag er det slik at båtar står fritt til å operere på norsk sektor med alle moglege flagg. Berre ikkje NIS-flagg.

Utvatna nettolønsordning

Det regjeringsnedsette utvalet skal også vurdere nettolønsordninga som gjennom skatterefusjon skulle hjelpe norske reiarlag til å oppretthalde norsk bemanning. Ordninga var god då den blei oppretta for nokre år sidan, men har blitt dårlegare og dårlegare for kvart år som er gått utan at at den er justert i høve til lønsutviklinga. Medan lønningane har stige med 15-20 prosent, er refusjonstaket på 198.000 kroner det same i dag som for seks år sidan.
- Slik det er i dag har vi den dårlegaste ordninga av alle vi konkurrerer med, seier Sævik, og viser til at det no ikkje er langt ifrå at nettolønsordninga har mista sin effekt sjølv på matroslønningar.
Havila-sjefen, og heile næringa med han, ser difor med stor fram til utvalet si tilråding som skal leggast fram 1. juli i år.

Må tene pengar over tid

- Det utvalet kjem med vil vere avgjerande for den maritime næringa sin bruk av norsk arbeidskraft framover, seier Sævik.
Han trur ikkje det finst nokon reiar som ikkje ser verdien av å ha norske sjøfolk med tanke på sjøfolka som bidragsytarar til å byggje den maritime klynga vidare.
- Den trur eg alle ser, men samtidig er alle reiarlag også nøydde til å tene pengar over tid for å kunne vidareutvikle seg.
Vi ville ha valt NIS-flagg om vi fekk operere med det på norsk side

Publisert: 20.06.2014 12:41

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:34