Restaurant Stranda gondol
STRANDA: Pengebruken i Stranda har auka med 205 prosent sidan 2019, her frå restauranten ved Roalden. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Stort hopp i pengebruken i Stryn og Stranda

Stor pengebruk på noregsferie også i 2021.

19.07.2021

Nordmenn på noregsferie bruker mykje pengar også i år. Men til no i sommar har kundane til DNB brukt litt mindre pengar utanfor eige heimfylke enn i fjor.

Kundane til DNB har til no i sommar brukt 3 prosent mindre utanfor eige fylke enn i same periode i fjor, men bruken er likevel langt større enn i siste normalår, som var i 2019, viser tal frå DNB.

I vekene 25, 26 og 27 er pengebruken til nordmenn opp 29 prosent samanlikna med dei same vekene i 2019

Særleg i ein del mindre turistkommunar er auken stor. I Salangen er pengebruken nøyaktig dobla (opp 100 prosent) frå 2020. I Værøy i Nordland er pengebruken opp 99 prosent, medan også Grue i Innlandet, Vevelstad i Nordland og Kautokeino har kraftig auke.

Stryn og Stranda
Værøy har òg nest størst auke sidan 2019 (217 prosent). Her må dei sjå seg slått av Stryn, som er opp 231 prosent sidan 2019, men ned 15 prosent sidan i fjor.

Også øykommunen Leka lengst nord i Trøndelag (216) og Stranda på Sunnmøre (205) har over 200 prosent auke sidan 2019.

Nasjonalt er særleg hotellbruken auka. Kundane til DNB har til no i sommar brukt 50 prosent meir på hotell i Noreg enn i 2020.

Publisert: 19.07.2021 11:11

Sist oppdatert: 19.07.2021 12:58